Familieterapeut ved Familiekontoret i Nordfjord
Familiekontoret I Nordfjord
Lotevegen 23, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Ved Familiekontoret i Nordfjord har vi ledig ei 50 prosent fast stilling som familieterapeut. Hjå oss vert du del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av vårt viktige samfunnsoppdrag. Familiekontoret er lokalisert på Nordfjordeid. Familievernet gjev tilbod til par, familiar og barn som sjølv oppsøker tenesta med ulike typar relasjonsproblem. Tenestetilbodet består av par og familie-terapi, grupper, kurs, mekling og bistand til foreldresamarbeid der foreldre ikkje bur saman. Familievernet utfører lovpålagt mekling mellom foreldre med formål om å hjelpe dei til å finne gode løysingar for barn etter samlivsbrot.
Stillingstittel
Familieterapeut
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Send søknad til
Hva vi ser etter
Krav til stillinga:-
Utdanning som barnevernspedagog, sosionom eller sjukepleiar eller anna relevant grunn-utdanning, med vidareutdanning i familieterapi.
-
Relevant arbeidserfaring med barn, ungdom og familiar etter utdanninga.
-
Gode kliniske ferdigheiter.
-
Gode IKT-ferdigheiter, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
-
God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
-
Evne til å møte menneske i vanskelege livssituasjonar på ein respektfull, god og trygg måte.
-
Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
-
God arbeidskapasitet.
-
Evne til sjølvleiing og fleksibilitet.
-
Interesse for og evne til å møte faglege utfordringar.
Personlege eigenskapar og samansetning av personalgruppa vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgaver
-
Terapi og rådgjeving for par og familiar med samlivs- og relasjonsvanskar.
-
Foreldrerettleiing.
-
Å auke barns medverknad gjennom familiesamtalar og samtalar med barn/ungdom.
-
Arbeid med mekling for foreldre etter ekteskaps- og barnelova.
-
Samvær med tilsyn.
-
Kurs og grupper.
-
Utadretta og forebyggande arbeid.
-
Intern fagutvikling i samarbeid med kollegaer.
Vi tilbyr
-
Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
-
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
-
Vi kan også tilby:
-
Løyve til å trene ein time pr. veke i arbeidstida.
-
Fleksibel arbeidstid innafor bestemte rammer.
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert fagmiljø.
Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit endå betre tilbod, noko vi meiner har ein stor verdi i seg sjølv
-
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stiftinga Familiekontoret i Nordfjord vart skipa i 2012, og leverer tenester til Bufetat Region Vest.
Vi yter tenster til befolkninga i Nordfjord, og er lokalisert på Nordfjordeid.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
f4fc8a5c-449a-4774-9ef5-a441b0bc4aae