Vil du bli avdelingsleiar og vere med på å utvikle framtidas eldreomsorg?
Osterøy kommune
Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Osterøytunet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 25. april
Om stillinga
Vi søkjer ein engasjert avdelingsleiar med gode samarbeidsevner til vår somatiske avdeling på Osterøytunet. Dette er ei spennande leiarstilling der du får høve til å utvikle og styrkje pasienttilbodet, samt leie eit dyktig og engasjert team.
Som avdelingsleiar har du det overordna personalansvaret for tre grupper med til saman 27 pasientplassar. Du vil vere ein nøkkelperson i eininga, med ansvar for drift, utvikling og kvalitetssikring av tenestene. I tillegg til å sikre ei trygg og fagleg sterk teneste, vil du òg jobbe for å skape eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø der både medarbeidarar og pasientar trivst.
Vi har eit eige sjukepleiarteam, og kvar avdeling har sin primærsjukepleiar. Vi jobbar aktivt med innovasjon, digitalisering og kompetanseutvikling for å møte morgendagens utfordringar.
Arbeidsoppgåver
- Hovudansvar for personalet. Økonomi- og fagansvar for eiga avdeling i samarbeid med einingsleiar og fagkoordinator.
- Sikre at kommunen sine mål og strategiar blir følgde gjennom aktiv verksemdsstyring.
- Utvikling av tenestetilbodet med fokus på innovasjon og digitalisering.
- Samarbeid med eksterne aktørar som utdanningsinstitusjonar.
- Oppfølging og utvikling av tilsette, samt fremje eit godt arbeidsmiljø og høgt jobbnærvær i samarbeid med verneombod og tillitsvalde.
- Sikre at tenestene følgjer gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer.
- Utarbeide og forvalte årsturnus for medarbeidarar.
- HMS-ansvar og kvalitetsforbetringsarbeid.
Vi tilbyr
- Fast dagstilling (37,5 t/veke) med 10 leiarfridagar i tråd med HTA.
- Ein arbeidsplass som systematisk jobbar med etikk, teneste- og kompetanseutvikling.
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Ei meiningsfull leiarstilling med ansvar og moglegheit til å påverke utviklinga i ein viktig og framtidsretta sektor.
- Tilrettelegging for vidareutdanning innan leiing.
- Leiar- og kollegastøtte.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale og gjeldande tariff.
- Moglegheit for lading av elbil mot betaling.
Kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Minimum tre års erfaring som sjukepleiar.
- Ønskjeleg med leiarutdanning og/eller leiarerfaring med personalansvar.
- Erfaring frå somatisk helsefelt er ein fordel.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt gode IKT-kunnskapar.
- Evne til å arbeide strategisk, strukturert og målretta.
- Kunnskap om gjeldande lover og forskrifter innan helsetenesta.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (tilsvarende C1 nivå).
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kven er du?
Du er ein strategisk og engasjert leiar med eit sterkt fagleg engasjement for eldreomsorg. Du har gode samarbeidsevner og trivst med å utvikle og leie team i eit dynamisk arbeidsmiljø. Med ei strukturert og målretta tilnærming sikrar du høg kvalitet i tenestene, og du motiverer medarbeidarane dine gjennom open kommunikasjon og tydeleg leiarskap. Du har evne til å tenkje innovativt og finne løysingar som bidreg til utvikling og forbetring av tenestene. I tillegg er du trygg i rolla di, tek ansvar og trivst med å skape eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted