Hopp til innhold

Rektor musikk- og kulturskule

Arbeidsgiver

Sektor for læring og kultur

Sted

Rådhusplassen 5, 6060 Hareid

Om jobben

Stillingstittel
Rektor musikk- og kulturskule
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 1. desember

Hareid kommune har ledig ei fast stilling i 40 % som rektor ved Hareid musikk- og kulturskule frå 01.01.2027. Vi søkjer ein rektor som ser verdien av både god økonomistyring, personalhandtering og eit mangfaldig musikk- og kulturskuletilbod. Du er også utøvande i minst ei uttrykksform innan kunst- og kulturområdet.

Hareid musikk- og kulturskule held til i lokale ved ungdomsskulen i kommunen og har i dag 3,6 årsverk, fordelt på 10 tilsette og rundt 230 elevar.


Arbeidsoppgåver

  • dagleg leiing av musikk- og kulturskulen
  • einingsleiing, med fullt økonomi- og personalansvar
  • sikre og vidareutvikle kommunen sitt tilbod i musikk- og kulturskulen
  • sikre og vidareutvikle samarbeidet med andre delar av kommunen si verksemd, frivillige organisasjonar, kulturaktørar og næringsliv
  • representere kulturskulen i ulike lokale og regionale samarbeid og nettverk

Kvalifikasjonar

Som søkjar til stilllinga som rektor ved musikk- og kulturskulen, ønskjer vi oss deg som har:

  • kunst- og kulturfagleg utdanning, med minimum bacherlorgrad
  • formell, pedagogisk kompetanse (ppu, eller tilsvarande)
  • leiarutdanning og/eller -erfaring
  • erfaring frå arbeid i kulturskule, eller anna musikk-, kunst eller kulturverksemd
  • gode kunnskapar om og forståing av digitale arbeidsverktøy 

Etter opplæringslova § 17-11 er det krav om politiattest til stillinga. 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

  • trygg og inkluderande
  • god relasjonelt og glad i å samarbeide
  • god til å motivere og utvikle både deg sjølv og dei du skal leie
  • strukturert og tek ansvar

Vi tilbyr

  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling
  • ein god arbeidsfelleskap med engasjerte kollegaer
  • løn etter avtale
  • god forsikrings- og pensjonsordning

Du må søkje digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.

Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Faste stillingar har seks månaders prøvetid.

 

Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf.  Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant. 

Kontaktinformasjon

Helge Hamre, Kommunalsjef, +47 95069388

Arbeidsstad

Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sektor for læring og kultur

Referansenr.: 5209609083
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Helge Hamre

Kommunalsjef

+47 95069388

Om bedriften

GODE TENESTER - GLADE TILSETTE

Hareid kommune har om lag 5 300 innbyggjarar og rundt 500 tilsette.

Dei tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenestene våre er avhengig av kompetanse, engasjement og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid står i sentrum for all service- og tenesteyting.

Inkludering og mangfald er ein styrke for kommunen. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.



Praktisk informasjon

Alle søkjarar blir førte opp på den offentlege søkjarlista. Du kan be om å bli unnateken frå offentleggjering. For å få innvilga dette må det liggje føre særlege grunnar, jf. offentleglova § 25.

For stillingar der det er krav om politiattest, må gyldig politiattest av ny dato leggjast fram før tiltreding.

Attestar, vitnemål og annan relevant dokumentasjon skal lastast opp saman med søknaden i Webcruiter.

Vi oppmodar søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning som er gjennomført utanfor Noreg, må vere godkjend av HK-dir (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse), og godkjenninga må dokumenterast.


Jobbe hjå oss - Hareid kommune

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f4d5ea1a-0705-405f-930e-4f3301225d66

Sist endret

16. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

cbb6029928e94a8d84370663ae9d4821

Lignende annonser

Laster lignende annonser