Psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar, 100% fast
Voss DPS NKS Bjørkeli
Bjørkelivegen 27, 5705 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. september
Ettersom ein av våre medarbeidere går av med pensjon, søker vi no etter ein engasjert og erfaren sjukepleiar/vernepleiar til rehabiliteringspoliklinikken vår i 100% fast stilling.
Eit heilskapleg behandlingstilbod for dei med samansette psykiske lidingar
Poliklinikken ved Voss DPS består av totalt 30 årsverk, fordelt på ein allmennpoliklinikk med gruppeteam, og rehabiliteringspoliklinikk i flotte, moderne lokale. Rehabiliteringspoliklinikken er eit engasjert, kompetent og tverrfagleg team med mykje humor, som per i dag består av overlege og psykologspesialist, sjukepleiare, vernepleier, sosionom og musikkterapeut. Vi har pasientar i frivillig behandling, pasientar underlagt tvungent psykisk helsevern utan døgnopphald, og pasientar som er på dom til tvungent psykisk helsevern. Målgruppa vår er menneske med samansette vanskar med psykose og bipolar liding som har behov for tverrfagleg tilnærming. Mange har behov for langvarig oppfølging, samansette og koordinerte tenester, og vi samarbeider tett med helsetenesta i kommunane våre. Vi har også eit gruppetilbod for pasientene våre, som består av dagbehandling og Illness management and recovery (IMR), og tilbyr psykoedukativt familiesamarbeid (PEF). Vi jobber kontinuerleg med å utvikle og tilby eit godt og heilskapleg behandlingstilbod for målgruppa.
Bli ein del av av eit engasjert team med høg kompetanse og tett samarbeid
Sjuke-/vernepleiarar hjå oss har videreutdanning i psykisk helse og rusarbeid, samt spesifikke metoder som kognitiv terapi, EMDR, IMR og PEF m.m. Arbeidsoppgåvene for deg som sjuke-/vernepleiar vil mellom anna bestå av å vere hovudbehandler for pasienter, utarbeide og følge opp behandlingsplanar i samarbeid med resten av teamet, bidra til gruppetilbodet vårt, handtere og administrere legemiddel, og samarbeid med andre tenester i spesialisthelsetenesta og kommunane. I tillegg får du halde deg fagleg oppdatert gjennom faste internundervisningar og kompetanseheving i tråd med kompetanseplanen for poliklinikken.
Ettersom me er eit privat eigd senter, er det korte avstander mellom administrasjonen og behandlarane, og me samarbeider tett og godt. Me har faste teammøte kvar dag og god tid til å drøfte saker og koordinere innad i teamet.
Hjå oss legg me vekt på å ha opne dører og tek godt imot nye tilsette. Me blir godt kjent med kvarandre, og arbeidsmiljøet vårt er svært godt. Lunsjen laga av dei dyktige kokkane våre er eit høgdepunkt på dagen, og når vêret tillèt det nyt me den gjerne ute i sola.
Som tilsett blir du godt kjent med den vakre bygda Voss, som ligg midt i smørauget av dei beste naturopplevingane Vestlandet har å by på, og i tillegg har eit rikt og spanande kulturtilbod, med fleire festivalar og faste arrangement.
Du - fagleg engasjert, varm og trygg i møte med andre menneske!
Har du norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, ønsker å jobbe tverrfagleg, trivst med ein sosial gjeng og er glad i travle dagar, kan du vera akkurat den me ser etter. Då du i stor grad styrer din eigen kvardag er det viktig at du er strukturert, kan planleggja godt og toler å stå i krevjande situasjonar. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Blir du lokka av ein variert kvardag med gode utviklingsmoglegheiter, og kjenner deg klar for å ta steget vidare i karrieren din? Då vil me gjerne høyra frå deg! Er det noko som er uklart? Ta gjerne kontakt.
Arbeidsoppgåver-
Ambulant og poliklinisk oppfølging og behandling av pasientar.
-
Medisinering/legemiddelhandtering inkludert depot.
-
Tverrfagleg samarbeid internt og med kommunane.
-
Dokumentasjon ihht. interne og eksterne retningslinjer og krav.
-
Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø.
-
Rettleiing til kommunehelsetenesta.
-
Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
-
Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
-
Relevant klinisk erfaring.
-
Vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller tilsvarande relevant vidareutdanning.
-
Ønskeleg med vidareutdanning i og erfaring med relevant metode.
-
Ønskeleg med erfaring som individualterapeut.
-
Ønskeleg med erfaring frå FACT/ambulant arbeid.
-
Ønskeleg med erfaring med psykose og ruslidingar.
-
Vi vektlegg personlege eigenskapar.
-
Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team.
-
Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel.
-
Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar.
-
Du er tolmodig, nysgjerrig og utholdande i krevjande og komplekse saker.
-
Du har auge for det beste for dei rundt deg, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
-
Ein spanande og utfordrande jobb.
-
Arbeid på dagtid
-
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
-
Moderne lokale.
-
Fleksitid.
-
Eit godt arbeidsmiljø
-
Jamnlege sosiale arrangement.
-
Høgt fagleg nivå.
-
Fagleg utvikling gjennom varierte arbeidsoppgåver og opplæring.
**Tiltredingsdato:**etter avtale.
Ved spørsmål om stillinga kan du kontakte:-
Anders Christensen, avdelingsleiar poliklinikkane, tlf: 56514000.
-
Kari Kløve, teamleiar rehabiliteringspoliklinikken, tlf: 56514000.
Om bedriften
Voss DPS har driftsavtale ("sjukehusavtale") med Helse Vest RHF og er eigd av N.K.S. Vestland, Hordaland. Vi er distriktspsykiatrisk senter med befolkningsansvar innan psykisk helsevern vaksne for Voss lokalsjukehusområde, dvs. kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.
Voss DPS består av ei døgnavdeling og ei poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Vi har 75 ansatte. Vi er tverrfagleg samansett med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, jobbspesialistar, aktivitetsleiar og sekretærar.
Vi har tett samarbeid med Helse Bergen. Vi har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.
Voss DPS ligg ein snøgg time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Vi har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.
Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboar.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f478f1e9-9933-48da-9765-865280c1b5d7
- Hentet fra
FINN
- Referanse
415038990