Helsesjukepleiar
Helsestasjonstenester, Klepp kommune, Tenesteområde barn og unge
Olav Hålandsveg 2, 4351 Kleppe
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsesjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. juni
Vil du jobbe med ungdom - og gjøre en forskjell hver dag?
Klepp helsestasjon har ledig eit vikariat i 100 % stilling frå 01.08.2026 til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging. Vi ser etter ein engasjert helsesjukepleiar til skulehelsetenesta ved ungdomsskule. Her får du arbeide tett med ungdom, med fokus på helsefremjande og førebyggjande arbeid i ei viktig livsfase.
Om arbeidsstaden
Helsestasjonstenesta er organisert i tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst. I tillegg til helsestasjonstenesta omfattar Oppvekst barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Klepp tverrfagleg team og tenester innan fritid.
Skulehelsetenesta har ei sentral rolle i kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom samarbeid med elevar, føresette, skular og andre fagtenester arbeider vi for tidleg innsats og heilskapleg oppfølging av ungdom.
Om stillinga
Stillinga omfattar arbeid i skulehelsetenesta ved ungdomsskule, der hovudmålgruppa er elevar i alderen 13–16 år.
Arbeidsoppgåver
- Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot ungdom
- Individuelle samtalar, rettleiing og oppfølging av elevar
- Undervisning i klasse og grupper
- Gjennomføring av helseundersøkingar og vaksinering
- Tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og andre faginstansar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsesjukepleiar
- Sjukepleiarar med relevant vidareutdanning/erfaring kan òg søkje
- Erfaring frå arbeid med ungdom er ønskelig
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som:
- har eit sterkt engasjement for ungdom si helse og utvikling
- er trygg i møte med ungdom og flink til å byggje relasjonar
- arbeider sjølvstendig og strukturert
- har gode samarbeidsevner
- er fleksibel og løysingsorientert
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Meiningsfullt arbeid med ungdom i ein viktig livsfase
- Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
- Faste møter i faggrupper og fellesmøter for personalet i tjenesten
- Vi har fadderordning som sikrer trygg oppstart og oppfølging
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Løn etter gjeldande avtalar
Kontaktinformasjon
Inger Olsson, Leder, +47 90804283Arbeidsstad
Olav Hålandsveg 24351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5147713492
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 30.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Inger Olsson
Leder
+47 90804283
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f4707593-3a0b-4874-84ac-5157803037f5
- Sist endret
19. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e867a3ca22464037b74dcbf63d9546af