Rektor/styrar
Luster kommune Oppvekst
Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med utsyn utover Lustrafjorden. Det er kort veg til møteplassen i bygda, Fjordstova, som har symjebasseng, gymsal og klatrevegg. Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane.
Skulen er fådelt med aldersblanda klassar. Inneverande skuleår er det 21 elevar på 1.-5. trinn, og 24 plassar i barnehagen. Det er positiv utvikling i barnetalet i krinsen. Dette året er det 17 tilsette ved oppvekstssenteret fordelt på om lag 11 årsverk.
Både barnehage og skule brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa. Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS med vekt på trygge barn og gode relasjonar. Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte».
Stillingsinformasjon- Ledig fast stilling som rektor/styrar ved Skjolden oppvekstsenter, oppstart 01.08.2026 eller etter avtale.
- Rektor/styrar er leiar for både skulen, SFO og barnehagen. Som rektor/styrar er du del av leiarkollegiet i oppvekstsektoren i Luster som møtest månadleg.
- utfordrande og interessante arbeidsoppgåver
- gode kollegaer og eit inspirerande og aktivt nærmiljø
- ein utviklingsretta oppvekstsektor
- kultur for erfaringsdeling og støtte
- ein kommune det er godt å bu i
- løn etter avtale
- gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- står fram som ein tydeleg, systematisk og engasjert leiar
- kommuniserer ope og inkluderande og skapar gode relasjonar
- delegerer oppgåver og brukar medarbeidarane sin fagkompetanse
- gjennomfører utviklingsarbeid i nært samspel med medarbeidarane, elevar og føresette
- samhandlar godt med laget rundt barnet og med den administrative leiinga i kommunen
- har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- leiar oppvekstsenteret i samsvar med lover, avtaleverk og læreplanar
Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på:
- relevant pedagogisk utdanning og praksis
- det er ønskjeleg med vidareutdanning i skuleleiing/administrasjon og/eller røynsle som skuleleiar
- gode leiareigenskapar med evne til målretta og løysingsorientert arbeid
- eit reflektert pedagogisk grunnsyn
- samarbeidsevne
Andre opplysningar
- Dersom aktuell kandidat ikkje har leiarerfaring, kan det vera aktuelt med vidareutdanning gjennom dei
statlege leiarprogramma (rektorutdanning) - Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Den tilsette må leggja fram politiattest jf. opplæringslova § 10-9
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.luster.kommune.no - ledige stillingar. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden
- I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din
- Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju
- For spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med kontaktpersonen
- Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f46cd4ad-e9f4-407e-b5ac-496f1ac3b3bb
- Sist endret
27. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3587485_220853_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Luster kommune Oppvekst
Sted
Gaupne
Arbeidsgiver
Luster kommune Skjolden oppvekstsenter
Sted
Skjolden
Arbeidsgiver
Luster kommune Skjolden oppvekstsenter
Sted
Skjolden