Rettleiar ved Nav Giske
Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Om jobben
Stillingstittel
Rettleiar ved Nav Giske
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. august
Nav Giske har ledig fast 100 % stilling som rettleiar og ser etter deg som ønskjer å vere med å løyse Nav sitt viktige samfunnsoppdrag. Vi søkjer ein engasjert og resultatorientert rettleiar som er interessert i å jobbe med menneske, kartlegge behov og finne gode løysingar for at fleire skal bli inkludert i arbeidslivet.
Gjennom brukarinvolvering, samhandling og eit sterkt kompetansemiljø skal vi bidra til å hindre utanforskap og sørge for at fleire er i arbeid.
Nav Giske er lokalisert i rådhuset på Valderøya og tilbyr tenester til omlag 8 800 innbyggjarar. Kontoret har i dag 16 engasjerte medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Vi har både kommunale og statlege tilsette som arbeider heilheitleg på tvers av kommunale og statlege oppgåver. Vi har tru på tverrfagleg og heilskapleg tilnærming for å løyse våre oppgåver. Vi er utviklingsorientert og har høge ambisjonar om at gjennom vår innsats får fleire moglegheit til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.
I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på motivasjon, personlege eigenskapar og at ein ellers er skikka for stillinga.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast inn i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling i tråd med lovverk innanfor Nav sine kommunale og statlege ansvarsområde.
- Saksbehandling etter lov om sosiale tenester.
- Oppfølging, rettleiing og motivering av brukarar med fokus på arbeid, meistring og inkludering i arbeidslivet.
- Gi råd og rettleiing, inkludert økonomisk.
- Skape gode relasjonar og samarbeid med lokalt næringsliv og andre samarbeidspartnarar.
- Ta del i kontoret sine fellesoppgåver og publikumsmottak.
Nav-kontoret er i stadig endring og utvikling, og ein må rekne med endringar i arbeidsoppgåver ut frå hehov.
Kvalifikasjonar
- Fullført relevant bachelor, gjerne innan helse- og sosialfag eller samfunnsfag. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Rettleiingskompetanse.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse og evne til å raskt sette deg inn i nye fagsystem.
Det er i tillegg ønskeleg at du har:
- Forståing av Nav si rolle i samfunnet.
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid.
- Kjennskap til næringslivet og kunnskap om arbeidsmarknaden i vårt område.
- Erfaring frå saksbehandling i samsvar med relevant lovverk, gjerne frå offentleg forvaltning.
- Sertifikat for bil, klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du er god på relasjonsbygging og har evne til å skape motivasjon hos brukarar som er i ein vanskeleg livssituasjon.
- Du er ein trygg, tydeleg rettleiar som tør å utfordre og evnar å gjennomføre.
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og resultatorientert og er opptatt av god kvalitet.
- Du er opptatt av å bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Du er fleksibel og omstillingsvillig.
- Du har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
- Du meistrer fagleg kompleksitet og ein hektisk kvardag.
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde.
- Varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagleg arbeidsmiljø.
- Aktive og engasjerte medarbeidarar.
- Moglegheit for eigenutvikling og stor påverknad.
- Fleksitidsordning.
- Løn og tilsetting på kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Tone Mette Lorgen Johnsen, leiar Nav Giske, +47 95872214Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4993971110
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Tone Mette Lorgen Johnsen
leiar Nav Giske
+47 95872214
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f45250bb-c0c9-4251-8e08-1c1755e5653b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1b166d9aa3be4396b6474571cf41aea5