Hopp til innhold

Sauda ungdomsskule har ledig stilling som

Arbeidsgiver

Sauda kommune Sauda ungdomsskule

Sted

Rådhusgata 32, 4200 Sauda

Om jobben

Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 13. oktober

Sauda kommune har ledig fast 100% stilling som lærar ved Sauda ungdomsskule frå 01.01.2027.Vi søkjer fagleg engasjert og motivert lærarar som vil bidra aktivt i det profesjonelle læringsfellesskapet og medverke til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø.Sauda ungdomsskule har 177 elevar

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i ulike fag på ulike trinn
  • Bidra aktivt i skulen sitt kollektive kompetanseutviklingsarbeid
  • Samarbeid med føresette, kollegaer og eksterne partnarar

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning for å bli tilsett i lærarstilling
  • Relevant kompetanse i undervisningsfag
  • Det er ulike behov for undervisningskompetanse, aktuell undervisningskompetanse kan vere: norsk, matematikk, engelsk, spansk, tysk. Andre fag kan også vere aktuelle.
  • Gode digitale dugleikar - me nyttar læringsbrett i opplæringa
  • God norskkunskapar, munnleg og skriftleg

Me søkjer etter deg som

  • Byggjer gode relasjonar og skapar eit trygt og godt klassemiljø
  • Motiverer for læring gjennom variert og praktisk undervisning
  • Er tydeleg, positiv og utviklingsorientert
  • Har ambisjonar på vegner av alle elevane
  • Brukar teknologi i undervisninga
  • Samarbeider godt med elevar, føresette og kollegaer
  • Bidreg aktivit til skulen si utvikling

Personlige dugleikar vil bli vektlagt.

Me kan tilby

  • Rettleiing for nyutdanna lærarar
  • Ein spanande og variert jobb
  • Pensjonsordning i SPK
  • Gode forsikringsordningar

Tilsettingsvilkår

Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga.

Søknad sendes

Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem.

Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no.

Me gjer oppmerksom på at opplysningar om søkjer kan bli offentliggjort sjølv om søkjeren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjerlista. Hvis du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentlegheten i din søknad, og anmodningen ikkje tas til følgje, vil søkjer bli informert, jfr. offentlighetsloven §25.

Velkommen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Lars Terje Sandvik

+47 41619546

larsterje.sandvik@sauda.kommune.no

Om bedriften

Sauda kommune ligg i vakre Ryfylke og har ca 4600 innbyggarar. Historisk er Sauda mest kjend som ein vasskraft- og industrikommune, men me har nå eit variert og innhaldsrikt næringsliv. Sauda er ein kompakt småby med nærleik til "alt". Me har jobbmogligheiter, tomter, servicefunksjonar, gode skular, rikeleg med barnehageplassar og er omgjeven av fantastisk natur.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f44918fb-a509-4cd9-9f3e-71ba01118c3c

Sist endret

23. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3664001_200795_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser