Hopp til innhold

Fløgstad skule søkjer

Arbeidsgiver

Sauda kommune Fløgstad skule

Sted

Rådhusgata 32, 4200 Sauda

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. november

Fløgstad skule har frå 01.01.2027 ledig 80% fast stilling som fagarbeidar i SFO der ein del av stillinga er knyta til skule. Brenn du for å vera og gjera ein positiv skilnad for barn og unge, oppmodar me deg til å søkja.

Fløgstad skule har pr. i dag 134 elevar og 30 tilsette.

Arbeids- og ansvarsområde 

  • Oppfølging av enkeltelevar og grupper av barn i SFO og/eller skule.
  • Delta i samarbeid om planlegging, organisering og gjennomføring av pedagogisk tilbod for barna i SFO og/eller skule.
  • Bidra til god dialog og samarbeid med føresette.

Krav til kompetanse

  • Relevant fagbrev. Andre med relevant utdanning og/eller erfaring kan også søkja.
  • Erfaring med arbeid med barn er ønskeleg.
  • Gode IKT- dugleikar.
  • God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.

Personlege dugleikar vil bli vektlagt

Me søkjer etter personar som

  • er oppteken av- og jobbar for alle barn sin rett til plass i eit inkluderande fellesskap.
  • kommuniserer trygt og godt med barn/unge, tilsette og leiing.
  • er tolerant og robust i møte med barns ulike åtferdsuttrykk.
  • er ein tydeleg vaksen som set grenser med omsorg og kjærleik.
  • er løysingsorientert og har evne og vilje til å sjå på eigen praksis, når det me gjer ikkje fungerer.
  • er fagleg engasjert og bidreg med innspel for å vidareutvikla tilbodet.
  • er fleksibel, strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag

Me kan tilby

  • En spanande og variert jobb
  • Pensjonsordning i SPK
  • Gode forsikringsordningar

Tilsettingsvilkår

Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga. Ved intern overflytting kan det bli ledige stillingar i andre enheter i oppvekstsektoren i Sauda kommune.

Søknad sendes

Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no.

Me gjer oppmerksom på at opplysningar om søkjer kan bli offentliggjort sjølv om søkjeren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjerlista. Hvis du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentlegheten i din søknad, og anmodningen ikkje tas til følgje, vil søkjer bli informert, jf. offentlighetslovens §25.

Velkommen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ellen Tveit

Rektor, Fløgstad Skule

+47 92869593

ellen.tangeraas@sauda.kommune.no

Om bedriften

Sauda kommune ligg i vakre Ryfylke og har ca 4600 innbyggarar. Historisk er Sauda mest kjend som ein vasskraft- og industrikommune, men me har nå eit variert og innhaldsrikt næringsliv. Sauda er ein kompakt småby med nærleik til "alt". Me har jobbmogligheiter, tomter, servicefunksjonar, gode skular, rikeleg med barnehageplassar og er omgjeven av fantastisk natur.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3db11543-c2ce-4b64-8147-f856cf20dc41

Sist endret

12. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3669673_200791_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser