Helsesekretær/sekretær
Kirurgisk kontor Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Antall stillinger
3
Har du lyst til å jobbe saman med oss ved seksjon for kirurgisk logistikk og kontor SNR for å gje god kvalitet på våre tjenester?
Vi tilbyr kontortjenester til kirurgiske sengepostar, dagkirugisk eining og poliklinikkar i avdeling for kirurgi og akuttmedisin Molde. Kontorpersonalet samarbeider tett både med legar og sjukepleiarar innan ulike fagområder.
Kirurgisk logistikk og kontor Molde har eit svært godt arbeidsmiljø, der vi er avhengige av, og set stor pris på all våre tilsette. Arbeidet er variert og givande.
- 100 % fast stilling frå snarast
- 80 % fast stilling, frå snarast
- 100 % vikariat, frå snarast og til og med 31.09.2024
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar verte ledige. Ver venleg å skriv i søknaden kva stilling/stillingstørrelse du søker på.
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre & Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta arbeidsoppgåver i skranke og telefon
- Elektronisk handtering av henvisningar og ventelistearbeid
- Elektronisk handtering av post og dokumentbehandling
- Anna praktisk arbeid i logistikk/poliklinikk/sengepost
- Ta del i utviklinga og forbetringsarbeidet i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Utdanning som helsesekretær. ev sekretærutdanning
- Relevant erfaring kan kompansere for utdanningskravet
- God IKT-systemforståing
- Fordel med kjennskap til MyWay2PAS og Doculive
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du yter god og profesjonell service til pasientar og samarbeidspartnarar
- Du er endringsorientert og fleksibel
- Du har gode samarbeidsevne i forhold til kollegaer og samarbeidspartnarar på tvers
- Du tar ansvar og er initiativrik
- Du har evne til å handtere fleire ting samtidig
- Du jobbar effektiv, systematisk og er god på å prioritere mellom arbeidsoppgåver
- Du har høg arbeidskapasitet og god på stresshandtering
- Du har høg grad av egenmotivering
- Du er punktleg, stabil og påliteleg
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du har gode referanser
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Cicilie Drågen Frendal, Seksjonsleiar, +47 48209533, Cicilie.Frendal@helse-mr.noArbeidsstad
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4708254619
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast, Vikariat
Sluttdato: 30.09.2024
Søknadsfrist: 08.10.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2438707
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ff3a75054d7b4361bf45e6f61f9f1843