Etterforskar - internettrelaterte saker
KRISTIANSUND - Seksjon for etterretning, førebygging og etterforsking, Møre og Romsdal politidistrikt
Storgata 43, 6508 Kristiansund N, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Etterforskar - internettrelaterte saker
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 25. mars
Kandidatar med avgangsår frå politihøgskulen i 2025 kan også søkje på stillinga.
Etterforskarane er etablerte i ulike team som samla har ansvar for den generelle straffesaksportefølja til seksjonen, og hjelper ved behov heile geografisk driftseining Nordmøre og Romsdal i straffesaksbehandlinga. I tillegg kjem kriminalvakt og publikumsmottak. Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggande strategien til politiet.
Seksjonen har i dag eit sterkt fagmiljø og fleire medarbeidarar med lang erfaring og høg kompetanse innan oppgåveporteføljen til seksjonen. Læring og utvikling står sterkt i miljøet og dette skal førast vidare og forsterkast. Arbeidsdagen er prega av høgt tempo og tidvis stort arbeidspress.
I periodar må ein pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.
Stillinga er for tida ved Kristiansund politistasjonsdistrikt, ved seksjon for etterretning, førebygging og etterforsking. Oppmøtestad er i Kristiansund.
Arbeidsoppgåver
- Etterforsking av straffesaker som gjeld internettrelaterte overgrep, herunder strl. §§311--saker
- Utføre taktisk etterforsking i saker innan eige spesialfelt, utarbeide etterforskingsplaner i Indicia, gjennomføre avhøyr, hovedsakleg videoavhøyr
- Fungere som hovudetterforskar i sak
- Utføre sikring og taktisk gjennomgang av digitale bevis
- Delta i operative aksjonar
- Kriminalitetsførebyggande arbeid
- Andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
- Bidra til at dei faglege oppgåvene blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
- Kan påleggast andre arbeidsoppgåver av leiar
Kvalifikasjonar
Nødvendige:
- Fullført og bestått Politi(høg)skule ved tiltreding. Vitnemål skal leggast ved og vi oppmodar til å bruke funksjonen for å hente vitnemålet direkte inn frå vitnemålsportalen når du søkjer på stillinga. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
- God skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
- Operativ godkjenning i minimum AOP, eller vere kvalifisert for og villig til å bli IP-godkjent for kategori 4
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønskeleg:
- Erfaring frå politistilling
- Gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
- Erfaring frå etterforsking, etterforskning av seksuallovbrudd og alvorlege voldssaker
- Erfaring i bruk av Axiom, Griffeye eller andre dataverktøy
- Erfaring med å gjennomføre videoavhøyr
- Erfaring og kompetanse på gjennomgang av digitale bevis
- Erfaring med arbeid i prosjektmodulen i Indicia, utarbeiding av etterforskningsplanar
- Utdanning innan digital sporsikring og/eller kurs i digitale sporsikringsverktøy
- Vidareutdanning innan etterforsking, etterforskningsleiing eller tilsvarande
- Vidareutdanning innan fagfeltet seksuelle overgrep
Personlege eigenskapar
- Motivasjon og interesse for etterforskingsfaget i sin heilheit
- Gode samarbeidsevne
- Strukturert, effektiv og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
- Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av erfaring og kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 585 000 - kr. 680 000
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 525 000 - kr. 580 000
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 500 000 - kr. 560 000
- Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldende lønnsnivå for området
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon
- Mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
- Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Knut Endreseth, 71589463Eirik Andre Sæther, 71589455
Arbeidsstad
Storgata 436508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4930119153
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 25.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Knut Endreseth
71589463
Eirik Andre Sæther
71589455
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2885512
- Hentet fra
talentech
- Referanse
678d3089ab9644bbb0bfe2fd18e89e3f