100% stilling som avdelingsleiar ved Tenester for funksjonshemma, Kinsarvik
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Kaldhagen 2, 5780 Kinsarvik
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 20. november
Om oss:
Broto bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne menneske med nedsett funksjonsevne med ulike bistandsbehov. Me driftar eit avlastningstilbod, dagtilbod og eit 2 til 1 tilbod i eigen tilrettelagt bustad.
Vår målsetting er å legge til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt. Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet, og legg til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader. Me søkjer etter fagleg dyktige kollegaer som er engasjert i målgruppa og som ynskjer å jobbe i team med faglege utfordringar. Me yter tenester til personar med ulike bistandsbehov, og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Leie og videreutvikle fagleg teneste i tråd med lovverk og nasjonale retningslinjer
- Drive systematisk forbedringsarbeid og sikre kvalitet
- Bidra til fleirfagleg samhandling internt og eksternt
- HMS-, personal-, fag- og økonomiansvar
- Oppfølging og utvikling av tilsette
- Vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø
- Delta i leiarsamlinger og relevante møter
Kvalifikasjoner:
- Høgare utdanning innan helse- eller sosialfag
- Leiarerfaring og utdanning innan leiing
- Kjennskap til relevant lovverk og nasjonale føringar
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå arbeid med personar med funksjonsnedsetjingar og/eller psykisk utviklingshemming
Personlege egenskaper:
- Du må vere personleg eigna til stillinga
- Forståing for det faglege miljøarbeidet med brukar i fokus
- Du er løysningsorientert, har gode samarbeidsevner og er fleksibel til endringar
- Du har ei positiv tilnærming, tek ansvar, og er ein engasjert bidragsytar til arbeidsmiljøet
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
Me tilbyr:
- Ein spennande og lærerik jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
- Ein variert kvardag
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Lønn etter Ullensvang kommune sin avlønningsmodell for leiarar
Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Forslått fjerna i statsbudsjettet
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f3db3708-ccac-46fb-bde3-77a00db63c26
- Sist endret
30. oktober 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3558971_193155_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Broto
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Bråvolltunet
Sted
Kinsarvik
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Sted
Odda