100% stilling som vernepleiar ved Tenester for funksjonshemma, Kinsarvik
Ullensvang kommune Broto
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 20. november
Broto bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne menneske med nedsatt funksjonsevne med ulike bistandsbehov. Stillinga me lyser ut no er knytta til eit 2:1 tiltak i eigen tilrettelagt bustad.
Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt. Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet, og legg til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader. Me søkjer etter fagleg dyktige kollegaer som er engasjert i målgruppa og som ynskjer å jobbe i team med faglege utfordringar. Me yter tenester til personer med ulike bistandsbehov, og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande.
Hovudarbeidsoppgåver:
Bistå brukerane slik at dei opplever ein meiningsfull kvardag med meistring og utvikling
Målretta miljøarbeid
Legemiddelhandtering
Veiledning av kollegaer og tenestemottagarar
Samarbeid med pårørande
Utarbeide og følge opp interne rutiner i samarbeid med leiar
Være aktiv ifht. å styrke fagmiljøet i tenesta
Me arbeider aktivt med å førebyggje utfordrande åtferd. For å oppnå størst mogleg sjølvstende for brukarane vektlegges strukturerte dagsplanar og arbeidsoppgåver. Det kreves difor at du er strukturert og klarar å arbeide etter fastsatte rutiner.
Arbeidsdagen kan vere av ein slik karakter at det kan opplevast fysisk og psykisk utfordrande.
Kvalifikasjoner:
Me søkjer primært etter vernepleiar, men andre med relevant helsefagleg høgskule/universitets-utdanning vil og verte vurderte.
Me oppfordrar menn til å søke
Du har erfaring frå målretta miljøarbeid og liker å vere i fysisk aktivitet.
Gode digitale ferdigheiter
Du må meistre norsk skriftleg og munnleg og har gode kommunikasjons-eigenskapar
Førerkort klasse B er ønskelig
Vitnemål og attesteter må lastes opp som vedlegg til søknad
Personlege egenskaper:
Du må vere personleg eigna til stillinga
Glad i rutinearbeid
Forståelse for det faglige miljøarbeidet, og ha bruker i fokus
Du er løysningsorientert, har gode samarbeidsevner og er fleksibel til endringar
Du har ei positiv tilnærming, tek ansvar, og er ein engasjert bidragsytar til arbeidsmiljøet
Gode kommunikasjonsferdigheter
Du liker å være i fysisk aktivitet
Me tilbyr:
Turnus basert på langvakter og døgnvakter med arbeid kvar 4. helg
For vernepleiar/ sjukepleiar i turnus kr 25 000 i tillegg til tariffløn.
Ein spennande og lærerik jobb i eit godt arbeidsmiljø
Opplæring og rettleiing
Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
Lønn etter hovudtariffavtalen
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår. Det arbeides med ytterligare rekrutteringstilskot for vernepleiarar innan Tenester for funksjonshemma.
- Rekrutteringstilskot: kr 30 000,- etter 1 års teneste og kr.: 30 000,- etter 2 års teneste
Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Forslått fjerna i statsbudsjettet
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
89156c13-744e-49c9-b9dd-5e9571533fc0
- Sist endret
31. oktober 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3558657_250473_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Broto
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Rus og psykisk helse
Sted
Odda