Hopp til innhold

Pedagogisk leiar 100 % fast stilling og to vikariater på 100% og 80% stilling

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Skjold barnehage

Sted

Vikanesvegen 18, 5574 Skjold

Om jobben

Stillingstittel
Skjold barnehage søker pedagogisk leiar.
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Vil du gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?

Skjold barnhage har ledig 100 % fast og stilling som pedagogisk leiar frå 30.03.2026 og 180 % vikariat som pedagogisk leiar frå 01.08.2026. 
 
Skjold barnehage er ein trygg og inkluderande barnehage med fokus på leik, læring og omsorg. Me legg vekt på å skape eit godt miljø, som gjer barna, foreldre og tilsette robuste, og jobbar aktivt med å utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon. Hos oss får du høve til å vere med og forme kvardagen til barna og bidra til deira utvikling.

Kva får du jobba med hos oss?
  • Du får det pedagogiske ansvaret på avdelingen eller i barnehagen.
  • Du sørge for at barnehaglova og rammeplanen oppfylles gjennom det pedagogiske arbeidet.
  • Du leiar det daglege arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av enkeltbarna og barnegruppa.
  • Du utvikle og implementerer i samarbeid med styrar/einingsleiar, pedagogiske aktivitetar som fremjar barn si læring og utvikling.
Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
  • Godkjend barnehagelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning. 
  • Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel.
  • Gode digitale ferdigheiter.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar:
  • Har evna til å handtere utfordrande situasjonar roleg og med forståing.
  • Viser empati og omsorg for barna sine behov og trivsel.
  • Tek ansvar for eigne oppgåver.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Evne til å leie og motivere medarbeidarar.
  • Evne til å skape gode relasjonar med barn, foreldre og kollegaer.
  • Du kan jobbe sjølvstendig, og i team.
  • Du har evna til å tilpasse deg ulike situasjonar i barnehagen.
  • Positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Engasjert og løysingsorientert.
  • Strukturert og fleksibel.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Vibecke Gundersen

Konstituert einingsleiar

+47 92250252

vibecke.gundersen@vindafjord.kommune.no

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f3a1b3ed-0bcb-4d4f-b0a6-7b74c67d1aeb

Sist endret

26. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3599379_228567_nn

Lignende annonser