Kyrkjetenarar
Storfjorden Kyrkjelege Fellesråd
Stranda
Om jobben
Stillingstittel
Kyrkjetenar / vaktmester
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
3
Storfjorden kyrkjelege fellesråd har ledige stillingar som kyrkjetenarar
Kyrkjetenar Sunnylven kyrkje -- 15 % Kyrkjetenar Stranda kyrkje -- 10% Kyrkjetenar Geiranger kyrkje -- 5 %I Sunnylven kyrkje treng vi kyrkjetenar under alle kyrkjelege handlingar (gudstenster, gravferder og bryllup). I Stranda og Geiranger kyrkjer treng vi kyrkjetenar under gudstenester. Stillingsstorleik i høve antal gudstenester i året.
Ønskjer du ein meiningsfull jobb og litt ekstra inntekt, så er dette jobben for deg. Studentar / skuleelevar er velkomne til å søkje.
Arbeidsoppgåver:- Vere kyrkjetenar under gudstenester, gravferd, vigslar og andre arrangement i kyrkja.
- Gjere kyrkja klar til kyrkjelege handlingar etter eigne rutinar for kyrkjetenarar.
- Vere brannvakt
- Rydde og gjere reint i kyrkja etter behov. Kyrkja skal alltid vere ryddig og klar for nye samlingar.
- Arbeidet utførast etter faste rutinar.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med prest og frivillige kyrkjevertar/klokkarar.
- Fagleg kompetanse er ikkje eit krav, men det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, evne
til å arbeide sjølvstendig, kunne samarbeide og å møte menneske i ulike livssituasjonar. - Må vere medlem i Den norske kyrkja og disponere eigen bil
- Kunne framlegge politiattest.
Vi tilbyr: - Varierte oppgåver og gode arbeidstilhøve.
- Løn etter tariff. Pensjon i Klp.
- Opplæring
Om bedriften
Storfjorden kyrkjelege fellesråd består av 6 sokn i Fjord og Stranda kommunar med omlag 7200 innbyggjarar. Det er omlag 10 årsverk fordelt på 18 personar i fellesrådet og 3 prestar, som er Ann Kristin Langeland, Jakob Højlund og Morten Gravdal.
Sunnylven kyrkje ligg i Hellesylt, Stranda kyrkje ligg i Stranda sentrum og Geiranger kyrkje på vakraste tomta i bygda.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1764037
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
f383c779-fff3-4301-82c7-7e087c6ba703