Førstekonsulent - straffegjennomføring med elektronisk kontroll
Sogn og Fjordane friomsorgskontor
Strandavegen 13, 6900 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Førstekonsulent - straffegjennomføring med elektronisk kontroll
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Om stillinga
Ved Sogn og Fjordane friomsorgskontor, har vi ledig ein fast 100 % stilling som førstekonsulent i turnus. Stillinga har arbeidsstad i Florø.
Sogn og Fjordane friomsorgskontor er ein del av Kriminalomsorgen. Vi har hovudkontor i Florø og lokalkontor i Sogndal, og er til saman 12 tilsette med sosialfagleg, juridisk og administrativ bakgrunn.
Friomsorga jobbar med straffegjennomføring i samfunnet. Vårt straffegjennomføringssystem er basert på humanistiske prinsipp og individuell tilrettelegging for dei domfelte. Dei domfelte skal møtast med tryggheit, forutsigbarheit og respekt. Arbeidet er utfordrande, og vi legg vekt på å ha eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, der vi jobbar tett i tverrfaglege team.
Den som blir tilsett i den utlyste stillinga, skal først og fremst jobbe med straffegjennomføring med elektronisk kontroll (EK), det vil seie gjennomføring av ubetinga fengselsstraff i eigen bustad med elektronisk fotlenke. Frå 15. august 2025 blir det vidare mogleg med gjennomføring av varetekt med elektronisk kontroll. Det er også venta ytterlegare utvikling når det gjeld bruk av elektronisk fotlenke. Den som blir tilsett får altså ta del i ein spanande utvikling på straffegjennomføringsfeltet.
I tråd med kriminalomsorgen sin visjon om «straff som endrar», vil endringsarbeid vere ein sentral del av jobben til den som blir tilsett. Ein skal motivere den domfelte til å gjennomføre straffa utan brot, og til framover å leve eit kriminalitetsfritt liv. Samtidig har alle tilsette i kriminalomsorga eit ansvar for sikkerheita til dei domfelte, tilsette og samfunnet elles. Den som blir tilsett vil få opplæring i sikkerheitstenking og risikovurderingar.
EK-teamet vil etter tilsettinga bestå av fem tilsette i turnus, der tre er lokalisert i Florø og to i Sogndal. Teamet har dessutan ein EK-koordinator, som jobbar tett på dei tilsette. Den som blir tilsett vil inngå i tilsvarande turnus som dei to andre tilsette på teamet i Florø.
Arbeidsoppgåver
Som førstekonsulent i EK-teamet er du en nøkkelperson i den daglige drifta av straffegjennomføring med elektronisk fotlenke. Du vil få ansvar for å:
- Vurdere om domfelte er eigna for straffegjennomføring med elektronisk kontroll
- Vurdere om sikta er eigna for varetekt med elektronisk kontroll
- Setje i verk og administrere straffegjennomføring og varetekt
- Leggje til rette for og følgje opp fagleg innhald
- Drive planmessig endringsarbeid i samarbeid med andre offentlege instansar og samarbeidspartar
- Kontrollere at vilkår for straffegjennomføring og varetekt blir overheldt
- Utstrakt kontakt med domfelte, både i fysiske møter og over telefon/videosamtale
Ein må rekne med ein del bilkøyring i samband med utføring av arbeidsoppgåvene. Ved behov må ein også rekne med å ta del i andre typar straffegjennomføring i samfunn. Vidare finn det for tida stad ein utvikling på straffegjennomføringsområdet. Den som blir tilsett må av den grunn rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha:
- Fortrinnsvis sosialfagleg eller annan relevant høgare utdanning på minimum bachelor-nivå, men anna relevant høgskule/universitetsutdanning kan også vere aktuelt
- Førarkort klasse B
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God kommunikasjonsevne på engelsk
- God kunnskap om og erfaring i bruk av IKT-system eller -verktøy
Det er ønskjeleg at du har relevant erfaring, for eksempel med:
- Offentleg saksbehandling
- Klientrelatert arbeid
- Arbeid med unge, rus og/eller psykisk helse
Personlege eigenskapar
Ein førstekonsulent skal utføre sjølvstendig saksbehandling, ha evne til å setje seg inn i problemstillingar og bidra til å utvikle området.
Du må vidare ha:
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Evne til å prioritere oppgåver, arbeide målretta og overhalde fristar
- Personlige eigenskapar i tråd med etatens verdiar
Det er ønskjeleg at du:
- Har evne til å motivere til endring av åtferd
- Har evne til å setje grenser og handheve regelverk
- Har engasjement for fagfeltet og evne til etisk refleksjon
- Er fleksibel, omstillingsvillig og utviklingsorientert
- Er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit fagmiljø i utvikling
- Eit arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar, og stor takhøgd
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Moglegheit for trening i arbeidstida, tilgang til treningsrom og parkeringsordningar
- Stillinga vert lønna som 1408 førstekonsulent, med ei grunnlønn på kr 482 000 – 600 000 per år. Endeleg lønnsplassering finn stad på bakgrunn av kvalifikasjonar og ansiennitet. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
- Stillinga er per i dag i turnus, noko som inneber dag, kveld og helgearbeid. Endringar i arbeidstid må påreknast
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte EK-koordinator, Mari Knapstad Nilssen, tlf. 48 99 46 89, eller fungerande friomsorgsleiar, Birte Reed Solheim, tlf. 40 44 47 44.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar, på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar straffbare handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «straff som endrar», og verdiane våre er tryggleik, openheit og nytenking, noko som er førande for åtferda og organisasjonen vår. Les meir om verksemdsstrategien vår her.
Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS), og fem regionar med omtrent 60 lokale fengsel og friomsorgskontor. Kriminalomsorgen region vest er eit etatsnivå lagt under Kriminalomsorgsdirektoratet, med overordna ansvar for straffegjennomføring i Sogn og Fjordane, Hordaland, og Møre og Romsdal. Region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og eit senter for narkotikaprogram. Regionsadministrasjonen ligg i Bergen.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f37e85ff-a89d-4789-963a-2927bc241f8a
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10259650