75% vikariat som lærar ved avdeling Salg, service og reiseliv, Bryne vidaregåande skule
Bryne vgs, Rogaland fylkeskommune
Hetlandsgate 27, 4344 Bryne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
75% vikariat som lærar ved avdeling Salg, service og reiseliv, Bryne vidaregåande skule
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 75%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Bryne vidaregåande skule er ein av Noregs største vidaregåande skular, med om lag 2200 elevar og 350 tilsette. Skulen tilbyr eit breitt spekter av utdanningsprogram, inkludert bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbygg, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning, innføringsklassar og vaksenopplæring på dag- og kveldstid. I tillegg har skulen fleire grupper innan spesialundervisning.
Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum og er prega av eit miljø med fokus på læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonsbygging og profesjonsutvikling, med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og overordna del. Elevane vert sett på som ein viktig samfunnsressurs.
Meir informasjon: www.bryne.vgs.no
Frå og med 1. august 2025 er det ledig eit vikariat i 75% stilling ved avdeling for Salg, service og reiseliv.
Vi søkjer ein raus, fleksibel,og engasjert lærar. Stillinga er todelt, der 25% vil vera undervisning på vg2 ordinært og dei resterande 50% vil vera i liten klasse med særskilt ansvar for elevar med behov for individuell tilrettelagt opplæring. Det kan også verta aktuelt å tildela kontaktlæraransvar i løpet av skuleåret.
Endringar i undervisningsfag kan førekome.
Arbeidsoppgaver
- Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
- Fagleg og pedagogisk ansvar for elevane i samarbeid med kollegaer
- Deltaking i fagmøte og utviklingsarbeid
- Oppfølging av elevar som kontaktlærar, inkludert samarbeid med føresette og eksterne instansar
- Elevsamtalar og vurderingsarbeid
Kvalifikasjoner
- Høgskule-/universitetsutdanning innan programfag for Salg, service og reiseliv, samt praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), eller
- Yrkesfaglærarutdanning innan relevant fagområde
- Søkjarar med påbegynt relevant pedagogisk utdanning kan også bli vurderte
- Gyldig politiattest
Personlige egenskaper
Vi ønskjer ein medarbeidar som:
- Er ein autoritativ klasseleiar og trivst med ungdom
- Brukar varierte og tilpassa opplæringsmetodar
- Fremjar elevaktiv læring og medverknad
- Er open, samarbeidsvillig, kreativ og har godt humør
- Er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
- Har gode relasjonelle ferdigheiter og digitale dugleikar
- Har gode formidlingsevner
- Tek ansvar for eiga profesjonsutvikling og er positiv til refleksjon og utvikling av eigen praksis
- Er raus, fleksibel og har eit godt elevsyn
Det er ein fordel med:
- Erfaring frå undervisning på Salg, service og reiseliv
- Bakgrunn for sikkerheitsfaget .
Vi tilbyr
- Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping og praktisk/kreativ tilnærming til læring
- Eit dynamisk kollegium i moderne undervisningslokale
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- IA-bedrift med gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar og livsfasetiltak
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Løn etter avtale
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.
Kontaktinformasjon
Inger Johanne Rosland Bøe, Avdelingsleder , 41208007, inger.johanne.rosland.boe@skole.rogfk.noArbeidssted
Hetlandsgate 274344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommuneReferansenr.: 4982978997
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 16.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f375d1d5-bd13-492b-a4c9-8f5eda0e635d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e3bbd8d2156e4c988cf7eacf26a0ec79