100 fast lærarstilling frå 01.08.2025
Voss herad Gullfjordungen skule
Geili 8, 5704 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100 % fast stilling ved Gullfjordungen skule frå 01.08.2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. juni
Gullfjordungen skule ligg ved ein solrik og historisk plass, med Finnesloftet som næraste nabo. Skulen er sentrumsnær og elevane går til og frå Vossabadet og biblioteket. Skulen ber preg av å vera ein grendaskule, og uteområdet blir bruka mykje på kveldstid til aktivitetar.
Foreldre har eit eigarforhold til plassen, deltek avktivt for å ta vare på uteområdet og involverar seg positivt i skulen sitt satsingsområde.
Skulen sitt satsingsområdet er å abeide med nærversplan, leseopplæringa og tilretteleggje for elevar med dysleksi. Me arbeider for eit inkluderande læringsmiljø, der me møter elevane der dei er.
Skulen prioriterer begynnaropplæringa, og fylgjer leseplanen som er utarbeida av kommunen.
Ved skulestart 2025 vil det vere 143 elevar ved Gullfjordungen skule. Skulen har 14 lærarar, 6 andre tilsette, kontortilsett, ass.rektor og rektor.
Utdanning og kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse for 1-7. klasse. Anna relevant utdanning med kompetanse for å undervise 1-4. klasse blir vurdert.
- Me ønskjer at du har erfaring med begynnaropplæringa, då stillinga er tiltenkt undervisning for 1-4. klasse.
- Tek ansvar med å vere kontaktlærar.
Personlege eigenskapar
- evne til å byggje gode og positive relasjonar til elevane, foreldre og kollegaer.
- me ønskjer ein lærar som kan leggja til rette for eit godt samarbeid med alle involverte partar i skulen.
- me vonar du er nysgjerring, læringsvillig, løysingsorientert, og tek ansvar.
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Hugs å gje opp referansar. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig