Næringslivskontakt
Tolletaten
5037 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Seniorrådgiver
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Vil du vere med og styrkje og utvikle Tolletatens samhandling med næringslivet? Vi søkjer deg som veit at innsikt i behova til brukarane og tidleg dialog er avgjerande for å utvikle gode tenester.
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar. Samfunnsoppdraget vårt er like enkelt som det er viktig: å sikre at varene som kryssar Noregs grenser til sjøs, på land og i lufta, er trygge og lovlege. Tolletaten har ein tydeleg endringsagenda med høg endringstakt og store digitaliseringsinitiativ.
Vareførselsdivisjonen (VD) skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar og er etablert med hovudkontor i Bergen. Divisjonen står framfor mange utviklingsoppdrag, og vi er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt.
Brukardialogavdelinga har eit nasjonalt ansvar for brukardialogen til Tolletaten. Vi styrkjer samhandlinga vår med næringslivet og søkjer etter ein ny kollegaer som skal bidra til å byggje opp dette fagområdet. Det finst spennande oppgåver for den rette kandidaten. Du vil få ein variert arbeidskvardag i ein tverrfagleg etat.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Vi søkjer deg som har mastergrad innan til dømes samfunnsvitskap, humaniora eller tenestedesign. Bachelorgrad og relevant erfaring kan kompensere for mastergrad.
- du har god kjennskap til kvalitative metodar
- du har erfaring med brukarorientert forretnings- eller tenesteutvikling
- du har god skriftleg framstillingsevne på norsk og erfaring med rapportskriving
- du kan nytte engelsk som arbeidsspråk
- du har gode kommunikasjonsevner og kan bidra både internt og eksternt
- du trivst med å utforske og definere korleis ting kan fungere på ein best mogleg måte
- du må kunne dokumentere relevant erfaring med prosjekt-, prosess- eller endringsleiing
I tillegg ønskjer vi at du har erfaring med
- klarspråk
- workshop-leiing
Kva kjem du til å jobbe med?
Du vil jobbe tverrfagleg og tett saman med andre kollegaer som har ansvar for ulike delar av samhandlinga vår med næringslivet. Du skal jobbe med å kartleggje, innhente informasjon om og dokumentere korleis logistikk og vareflyt fungerer hos næringslivet. Målet er å bidra til å utvikle gode tenester. Vidare skal du
- byggje nettverk og ressursgrupper i næringslivet for å kartleggje behov
- bidra til å følgje opp næringslivet i ulike utviklingsinitiativ
- samarbeide med kommunikasjonsmiljø og andre fagmiljø i etaten om relevante tiltak
- vere oppsøkjande og møte aktørane der dei er
Vi tilbyr
- arbeid med eit viktig samfunnsoppdrag, med gode høve til utvikling gjennom ulike oppgåver som er tilpassa kompetansen din
- eit godt arbeidsmiljø i ein seksjon som jobbar tverrfagleg og tett på næringslivet
- ryddige pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstidsordning og tilbod om ein time bevegelse i arbeidstida i veka
- moderne kontorlokale i Solheimsviken med sykkelparkering, garderobar, treningsrom og tilgang til ei godt driven kantine
- lønn som seniorrådgivar, kr 700 000–800 000, avhengig av kompetanse og erfaring (for særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonssjef for førebyggingsseksjonen, Stig Løland, på telefon 414 49 986
Til deg som søker jobb i Tolletaten
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
I Tolletaten meiner vi at mangfald og inkludering er ei styrke, og vi har nulltoleranse for trakassering og diskriminering. Vi er avhengige av medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og erfaringar for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Dersom du har hol i CV-en, funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette då du kan ha rett til positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f35e8df9-715e-4735-b27e-0728cb3cb489
- Sist endret
2. desember 2025
- Hentet fra
sap
- Referanse
1987
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Skatteetaten, Innkreving
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune NAV
Sted
Os
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen