Journalist – 100 % stilling – Tysnes
Bladet Tysnes As
Teiglandsvegen 5, 5680 Tysnes, Hybridkontor
Om jobben
Bladet Tysnes søker etter ein ny journalist til å bli med på laget i ei 100 % fast stilling. Hos oss får du jobba med store og små nyhende, koma tett på eit levande lokalsamfunn og bli ein del av ei avis med lange tradisjonar og eit brennande ønske om å utvikla seg på nye og spennande måtar.
Stillingstittel
Journalist
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 31. juli
Send søknad til
Hva vi ser etter
Me ser etter deg som-
har erfaring frå journalistisk arbeid og/eller utdanning som journalist
-
er nysgjerrig, sjølvstendig og meistrar nynorsk
-
jobbar raskt og er trygg på presseetikken
-
har førarkort klasse B
Arbeidsoppgaver
Som vår nye journalist ønskjer me at du skal bidra til å løfta og utvikla avisa vidare, til glede både for dei som les digitalt og på papir.
Me er opptatt av å få fram dei gode historiene frå vår flotte kommune, og samtidig setja søkelyset der søkelyset bør setjast. Me dekker alle sider av lokalsamfunnet, frå politikk og krim til sport og kulturliv, og som journalist i Bladet Tysnes får ein prøva seg innanfor dei fleste felt.
Stillinga går inn i ei vaktordning med kveld og helger.
Vi tilbyr
-
ein variert og spennande arbeidskvardag
-
stor tillit, mykje ansvar og moglegheit til å påverka utviklinga av avisa
-
sjansen til å jobba med eigne idear og saker
-
moglegheiter for kurs og fagleg påfyll
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me er lokalavisa for Tysnes kommune, som ligg i hjarta av Sunnhordland, berre ein liten time frå Bergen sentrum. Me produserer papiravis for innbyggjarane og ferierande ein gong i veka, og er raskt på nett med aktuelle saker frå lokalsamfunnet.
Tysnes er ein kommune med nesten 3.000 innbyggjarar. Kommunen er kjend for storarta natur og eit rikt lag- og organisasjonsliv. Det største årlege høgdepunktet for mange er festivalen Tysnesfest, som samlar tusenvis av menneske frå heile Vestlandet til folkefest midt på sommaren.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2943373
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
f3476076-ecdb-41b0-a0ab-814417228812