Pedagogisk leiar
Nepjarhaugen barnehage
Markegata 59, 6900 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Oppstart
11. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Nepjarhaugen barnehage opna i august 2023 og ligg i Florø sentrum. Den er organisert som avdelingsbarnehage med 4 avdelingar. Barnehagen er moderne og framtidsretta med gode fasilitetar for barn og tilsette. Vi har industrikjøkken med eiga pedagogisk arbeidssone og spisesone for barna, fellesrom med moglegheit for fysisk aktivitet og eit eige språkrom der det er tilrettelagt for språkstimulerande aktivitetar. Dette støttar opp om den pedagogiske profilen vår som bygger på 4 satsingsområde: Kosthald og måltid, fysisk aktivitet, språk og kommunikasjon og mangfald og inkludering. Barnehagen har, eller held på med å utarbeide, planar for kvart av desse områda.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk leiar har ansvar for å:
- setje i verk og leie det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
- leie arbeidet med å planlegge, gjennomføre, dokumentere, vurdere og utvikle arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda hen er sett til å leie
- rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen blir oppfylte gjennom det pedagogiske arbeidet
- spele medarbeidarane gode gjennom tydeleg og inkluderande leiarskap
- arbeide målretta med å inkludere barn, føresette og tilsette i barnehagen sine utviklings- og avgjerdsprosessar
Kvalifikasjonar
Pedagogisk leiar må ha utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er opptatt av å sikre barna ei god fysisk og psykisk helse i eit trygt, støttande og inkluderande barnehagemiljø. Det er fint om du har kompetanse og interesse innanfor eitt eller fleire av satsingsområda våre, men det er ikkje eit krav. Det viktigaste er at du er open og fleksibel, har god relasjonskompetanse og samarbeidsevne. Vidare må du vere motivert, endringsvillig, løysingsorientert og opptatt av di eiga læring. Du må like å jobbe i eit pulserande barnehagemiljø med høgt tempo og fokus på organisasjons-, profesjons- og kvalitetsutvikling.Vi tilbyr
Løn etter tariff
Kompetanselønssystem
KLP pensjonsordning og god forsikringsordning.
Brei og høg kompetanse i personalgruppa
Høgt fagleg fokus
Kontaktinformasjon
Gro Hovland, Tenesteleiar Nepjarhaugen barnehage, +47 99403418Arbeidsstad
Markegata 596900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4979590177
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 11.08.2025
Søknadsfrist: 17.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Gro Hovland
Tenesteleiar Nepjarhaugen barnehage
+47 99403418
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f341dff2-52af-417e-8d1c-f6124b9752fe
- Hentet fra
talentech
- Referanse
994960a0006e46aa93e8b3ef0f67ff04