Autorisert sjukepleiar 100% stilling, vikariat heimetenesta indre Sula
Heimetenesta, Sula kommune
Pebakken 3, 6037 Eidsnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Autorisert sjukepleiar 100% stilling, vikariat heimetenesta indre Sula
Oppstart
23. juni 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
*Heimetenesta indre Sula har ledig eit vikariat i 100% stilling for autorisert sjukepleiar i perioden 23.6.25- 16.08.26. Vi kan vere fleksible på oppstart.
*Avdelinga har vel 22 årsverk og dekker området frå Veddefabrikken til Vegsundbrua
*Basen ligg ved Nausthaugen, like ved fergekaia i Solavåg og det tek ca.10 min. å kjøyre frå Moa.
*Personalgruppa har stort aldersspenn og med ulik fagkompetanse og fartstid.
*Ta gjerne kontakt med avdelingsleiaren for ein uforpliktande samtale om du trur dette kan vere noko for deg.
Arbeidsoppgåver
*Avdelinga har brukara i alle aldersgruppe og med stort spenn i hjelpebehov.
*Avdelinga yt praktisk og personleg bistand til heimebuande etter vedtak
*Ein får arbeide sjølvstendig og arbeidet er både spanande og utfordrande. Arbeidet består i al frå stell og medisinering til terminalpleie, og vi har tett og god dialog med fastlegane.
*Avdelinga har godt omdøme og god fagkunnskap å lære vekk, så ikkje vær redd for å søke om du er nyutdanna.
*2 delt turnus med arbeid kvar 3 helg. Dagvakt 08-15 evt.15.30 og seinvakt 14.30-22.00
Kvalifikasjonar
*Autorisert sjukepleiar med datakunnskapar og gode kunnskapar i norsk, både munnelg og skriftleg.Personlege eigenskapar
*Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ein stabil, fleksibel, tolmodig og pliktoppfyllande kollega med god framferd.
*Du må like å arbeide med menneske med ulike utfordringar
*Du må være ressurs og løysingsorientert, ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
*Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø og uførutsette hendingar. Arbeidet kan vere fysisk belastande
*Personlege eigenskapar vert vektlagd
*Krav om førarkort og politiattest
*Oppgje referanse
Vi tilbyr
*Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning.
*Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
*Ei stabil arbeidsgruppe ,godt arbeidsmiljø og god fagkompetanse
*Opplæring
*Arbeidskle
*Vi nyttar kommunale bilar i tenesta
*Gratis parkering
Kontaktinformasjon
Iselin Lunden-Sandøy, Avdelingsleiar, 47621378, Iselin.Lunden_Sandoy@sula.kommune.noTorunn Veddeng, Einingsleiar, +4795710262, torunn.veddeng@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Pebakken 36037 Solavågen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4967377275
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.
Meir informasjon om Sula kommune her
Sektor
Offentlig