Politiførstebetjent
Møre og Romsdal Politidistrikt
Rådhusgata 7, 6090 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Politiførstebetjent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. juli
Om stillinga
Vil du vere med å skape eit tryggare lokalsamfunn gjennom førebygging, samarbeid og målretta etterforsking- i eit av dei mest spennande kystområda på Sunnmøre?
Ved Herøy og Sande politistasjon i Fosnavåg er det ledig ei fast stilling som politikontakt og etterforskar. Stillinga er delt mellom 50% politikontakt og 50% etterforsking, og gir ei unik moglegheit til å arbeide både langsiktig og førebyggjande, samstundes som du er tett på den daglege straffesaksbehandlinga.
Som politikontakt vil du vere ein synleg pådrivar og eit viktig bindeledd mellom politiet og ulike samfunnsaktørar i kommunane Herøy og Sande, som til dømes offentlege etatar og næringsliv. Formålet med samhandlinga er å førebyggje kriminalitet, skape tryggleik og byggje tillit mellom innbyggjarar og politi. Du vil også delta i fagforumet for politikontakter i Møre og Romsdal politidistrikt og samhandle tett med politikontakten for Vanylven som også tilhøyrer tjenestestad Herøy, Sande og Vanylven.
Som etterforskar vil du etterforske straffesaker sjølvstendig og i team under leiing av teamleiar. Etterforskinga i distriktet er ein del av førebyggingsstrategien vår.
Samla sett vil du i stillinga som politikontakt og etterforskar vere ein viktig bidragsytar til førebyggjande politiarbeid, kunnskapsdeling, kompetanseutvikling og til tiltak som vil styrkje politiet sitt nærvær i lokalsamfunnet. Om du synest dette høyrest kjekt ut så vil vi gjerne høyre frå deg!
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som ønskjer å jobbe med å byggje relasjonar i lokalsamfunnet som igjen bidreg til kriminalitetsnedkjemping, og som er motivert for og interessert i etterforskingsfaget. Du har også høg fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
Politikontakt:
- vere kontaktpunkt for kommunane Herøy og Sande, samarbeidsaktørar i anna offentleg verksemd, næringsliv og innbyggjarane elles
- vere oppdatert om trendar i kriminaliteten og ha god lokalkunnskap
- sørgje for kunnskapsdeling og erfaringsutveksling internt i politiet, og mellom politiet og samarbeidsaktørar i kommune, næringsliv og interesseorganisasjonar
- delta i individbaserte og tverretalege prosjekt ovenfor enkeltpersonar eller område, rådgiving, rusoppfølging, alternative straffereaksjonar eller andre kriminalitetsførebyggjande metodar og tiltak
- bistå politistasjonssjefen i planlegging og gjennomføring av møter i politiråd og andre møtearenaer mellom kommune/politi, og utarbeide høyringssvar til kommunale planprosessar
Etterforsking:
- etterforske straffesaker, sjølvstendig og i team
- kunne utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
- moglegheit for å gå på støtteliste ved vakt og beredskap (krev minst IP4-godkjenning) eller kriminalvakt på etterforsking i helg
Andre oppgåver som tilhøyrer den daglege tenesta ved eininga kan tildelast av politistasjonssjefen.
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- bestått politi(høg)skule
- politifagleg kompetanse og erfaring frå relevante fagområde i politiet
- godkjent som AOP eller moglegheit til å bli det
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god digital kompetanse og erfaring med relevante politifaglege system, medrekna presentasjonsverktøy
- førarkort klasse B
- plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, kan det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet.
Det er også ønskjeleg med
- erfaring frå førebyggjande politiarbeid, politikontaktfunksjon eller tverretatleg samarbeid
- erfaring frå generell etterforsking
- relevant vidareutdanning til dømes innan førebygging, etterforsking og leiing
- erfaring med tverretatlege prosjektarbeid
Personlege eigenskapar
For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du
- er relasjonsskapande og samarbeider godt på tvers av fagområder og organisasjonar
- er ein trygg og engasjerande formidlar i møte med publikum og samarbeidspartnarar
- arbeider sjølvstendig og strukturert med god notoritet
- har god rolleforståing og høg integritet
- er initiativrik og har god gjennomføringsevne
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i denne rolla.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ei spennande og variert stilling med stor samfunnsmessig betydning
- moglegheit til å påverke og vidareutvikle samarbeidet mellom politi og kommunar
- fagleg utvikling innan både førebygging og etterforsking
- du får høve til å ta ansvar, påverke arbeidsprosessar og vere med på å utvikle tenesta
- fast stilling som politiførstebetjent (SKO 0285) med brutto årslønn frå kr. 610 000 til kr. 730 000. For særleg kvalifiserte kandidatar kan ein vurdere noko høgare lønn.
- godtgjersle etter gjeldande ATB på for tida kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste
- medlem i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
- gode arbeidsvilkår med moglegheit for fleksibel arbeidstid og trening i arbeidstida
- fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og tilknyting til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglement for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f326ae06-d556-47d2-aaf5-2742208f0ae5
- Sist endret
25. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10301044