Arbeidskonsulent - arbeidsretta rehabilitering
Arbeidskonsulent - arbeidsretta rehabilitering
100% vikariat til 30. juni 2024
AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse medverke til at deltakarar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får oppretthalde og styrka arbeidsdeltaking og auka livskvalitet gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning.
- AiR-klinikk har fire team som består av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog. Kvart team har ansvar for opptil 17 deltakarar.
Me ser etter desse kvalifikasjonane:
- Kompetanse innan pedagogikk/sosialfagleg/helsefagleg retning på bachelor nivå
- Ynskeleg med erfaring frå arbeidsretta rehabilitering, arbeid i Nav - spesielt frå oppfylging og med kjennskap til tiltak og virkemiddel, arbeids- og inkluderingsbedrift, karriereveiledning eller liknande
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande fagmiljø
- Kunnskap om faktorar for betydning av funksjon i arbeidslivet
- Evne og lyst til undervising og interesse for prosessarbeid
- God skriftleg framstillingsevne og digitale ferdigheiter
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Arbeidsoppgåver:
- Dialog med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte
- Gjennomføring av kartleggings- og vurderingssamtaler
- Kontaktperson med ansvar for individuell oppfylging
- Individuell arbeidsretta rettleiing
- Undervising av deltakarar i grupper
- Arbeid med planar og epikrise for deltakarar
- Tverrfagleg arbeid i team
Me tilbyr:
- Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs og liknande
- Jobb i eit solid kompetansemiljø med ulike faggrupper
- Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
- Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
- Hjelp til å skaffe møblert bustad
Søknadsfrist 11. april 2023
For meir informasjon, kontakt leiar klinikk Anita Vatnebryn, tlf 957 30 942 eller nestleiar klinikk Siri Mørch, tlf 474 63 408.
Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsprosessen og av våre tilsette i fritida. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på beste praksis innanfor fagfeltet.