Hopp til innhold

Kunderådgjevar kundesenter

Arbeidsgiver

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Sted

Langebruvegen 12, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Kunderådgjevar kundesenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest onsdag 7. oktober

Rådgjevar lån og forsikring 

Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane utviklar oss stadig for å skape den  beste kundeopplevinga. No treng vi deg på laget.  

I avdelinga Direktebank  får du jobbe med kundar frå heile marknadsområdet vårt og bygge brei kompetanse innan lån, forsikring og rådgjeving. Du blir ein del av ein viktig kundekanal i banken og utviklar deg i eit miljø der læring, samarbeid og initiativ blir verdsett. 

I avdelinga jobbar vi aktivt med rådgjeving, sal, kampanjar og kundeutvikling.  

No søker vi tre nye rådgjevarar som vil vere med å påverke korleis vi møter kundane i framtida. To av stillingane har hovudvekt på lån og forsikring, medan den tredje er meir retta mot kundeservice.  

Du vil jobbe på hovudkontoret i Førde, saman med 180 andre tilsette på huset, og ta del i det største samla finansmiljøet mellom Bergen og Ålesund.  

Dette skal du jobbe med 

  • Rådgjeving innan lån, forsikring og andre banktenester 
  • Kartlegging av kundebehov og gode økonomiske løysingar 
  • Kundekontakt på telefon, chat og e-post 
  • Sal, kampanjar og kundeutvikling 
  • Bidra til vidare utvikling av Direktebanken 

Kven ser vi etter? 

Du pratar lett med folk, skapar tillit og oppnår resultat. Du er løysingsorientert og ønsker å utvikle deg innan rådgjeving og sal.  

Har du autorisasjon innan lån og finansiering og/eller skade- og personforsikring er det ein fordel, men ikkje eit krav. Erfaring frå bank, finans, forsikring, kundeservice eller sal er også eit pluss. Det viktigaste er likevel motivasjon og driv.  

Difor skal du søke hos oss 

Vi er eit spennande finanshus med breitt fagmiljø og ein offensiv strategi.  Hos oss ønskjer vi at du skal utvikle deg, og kjem du med gode initiativ er det kort veg til å sette desse i verks.  

Som fast tilsett blir du automatisk medeigar i banken. Du får tildelt eigenkapitalbevis det første året etter oppstart, og vi har eit gunstig spareprogram i EK-bevis. I tillegg får du funksjonærlån med god rente, gode tilsettebetingelsar på sparing og forsikring og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter. 

Klar for å bli med på utviklinga av avdelinga Direktebanken? Då håpar vi du søker. 

Renate Skaar Værøy svarer gjerne på spørsmåla dine. 

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkjarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til dette. 

Kontaktperson for stillingen

Renate Skaar Værøy

Leiar direkte rådgjeving

940 58 186

renate.skaar.vaeroey@ssf.no

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f30bb351-80af-4abf-a26b-08ca049e929e

Sist endret

14. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f8c5d075a690438f8a883f809942a633

Lignende annonser

Laster lignende annonser