Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Urologisk poliklinikk, Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Oppstart
5. oktober 2026
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 2. september

Ønskjer du ein variert arbeidskvardag med tett pasientkontakt og moglegheit til å utvikle deg fagleg?

Ved urologisk poliklinikk i Haugesund søkjer vi ein engasjert sjukepleiar til ei fast 60% stilling. Hos oss blir du ein del av eit kompetent fagmiljø som utgreier, behandlar og følgjer opp pasientar med eit breitt spekter av urologiske problemstillingar. Du vil samarbeide tett med urologar, LIS-legar og uroterapeutar, samtidig som du får sjølvstendige oppgåver og ansvar.

Stillinga passar både for deg som ønskjer ei redusert stilling, og for deg som ønskjer å kombinere stillinga med anna arbeid eller vidareutdanning.


Kva går jobben ut på?

  • Assistere ved undersøkingar saman med lege.
  • Gjennomføre sjølvstendige konsultasjonar og oppfølging av pasientar.
  • Gi råd, rettleiing og opplæring til pasientar og pårørande.
  • Bidra til gode pasientopplevingar og effektiv drift av poliklinikken.
  • Delta i forbedringsarbeid i avdelinga.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Erfaring fra urologi og poliklinikk er ønskjeleg.
  • Gode digitale ferdigheiter og erfaring med DIPS.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendig for forsvarleg pasientbehandling.

Personlege eigenskaper blir vektlagd.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du

  • har motivasjon og er interessert i fagfeltet
  • tek ansvar og spør når du lurer på noko
  • bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
  • er god på å kommunisere med pasientar, pårørande og kollegaer

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du

  • ein spennande og utfordrande arbeidsplass
  • inkluderende kollegaer som ønskjer at du skal lykkast
  • fagleg utvikling gjennom samarbeid, rettleiing og erfaringsdeling
  • tett samarbeid mellom poliklinikk og sengepost som gir eit heilskapleg innblikk i pasientforløpa
  • moglegheit til å følgje pasientar gjennom fleire fasar av utgreiing, behandling og oppfølging

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristine Gundegjerde Meling, Funksjonsleder urologisk avdeling, +47 91637361, krdd@ihelse.net

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5167566432
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 05.10.2026
Søknadsfrist: 02.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Kristine Gundegjerde Meling

Funksjonsleder urologisk avdeling

+47 91637361

krdd@ihelse.net

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f3019be9-77da-46d2-897e-3c8eec14e73f

Sist endret

19. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4bfd11f48aa1400290f814bfd2cfd46c

Lignende annonser

Laster lignende annonser