Barne- og ungdomsarbeidar
Ørskog skule
Ryssebøvegen 2, 6240 Ørskog, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Vi har ledig 50 % fast stilling ved Ørskog SFO.
SFO har som mål å gi borna frå 1.-4. trinn tilsyn og omsorg utanom den obligatoriske skuledagen. Alle born i SFO skal oppleve tryggheit, respekt, tillit og likeverd. Vi har fokus på læring, sosialisering, fellesskap og omsorg.
Ørskog SFO er godt organisert, og nyttar skulelokala og uteområda på ein kreativ og inspirerande måte. Uteområdet er stort og variert; idrettsanlegg, bibliotek, naust, stall, sjø, elv, skog og fjell ligg i umiddelbar nærleik, og blir nytta i SFO.
Vi har eit dyktig og engasjert personale som samarbeider for å skape eit trygt og godt fritidsmiljø for borna.
Arbeidsoppgåver
- Legge til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i borna sin alder, funksjonsnivå og interesser.
- Planlegge, tilrettelegge og gjennomføre ulike pedagogiske aktivitetstilbod for å stimulere til vekst og utvikling.
- Delta i samarbeidsteam.
- Gi barna omsorg og tilsyn.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeidarfag.
- Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn med spesielle behov med fokus på åtferd og rolleforståing.
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- På grunn av samansettinga i personalgruppa blir menn oppfordra til å søke.
Personlege eigenskapar
- Har gode samarbeidsevner og gode kommunikasjonsferdigheiter
- Trivest i ein aktiv kvardag med barn.
- Er ein lagspelar.
- Er bevisst rolla som vaksen, og er tydeleg, klok og omsorgsfull i relasjon til andre.
- Er positiv, engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
Vi tilbyr
- Flotte lokaler og uteområde.
- Positivt, inkluderande og utviklingsorientert arbeidsfellesskap.
- Spennande og utfordande arbeidsoppgåver.
- Tilsetting i IA-bedrift
Kontaktinformasjon
Kjell-Øyvind Aarseth, Rektor, +47 70 16 59 51Arbeidsstad
Ryssebøvegen 26240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4969814052
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Kjell-Øyvind Aarseth
Rektor
+47 70 16 59 51
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2943993
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4be2ac6d6f744aebb66b8f56a46b581f