Helgestilling Meland sjukeheim
Alver kommune
Havnevegen 14, 5918 Frekhaug, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helgestilling Meland sjukeheim
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Kort om stillinga som pleieassistent
Meland sjukeheim søkjer etter pleieassistentar til faste helgestillingar. Vi ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande arbeid, eller som er i utdanning innan helse-og omsorg. Søkjarar med interesse for faget og anna bakgrunn er også aktuelle.
Aktuelle avdelingar
Meland sjukeheim har tre ulike avdelingar, med ulike pasient- og brukar grupper.
Lerketunet:
Lerketunet ei avdeling med 12 plassar for personer som lever med demenssjukdom og treng ekstra tilrettelegging knytt til dette. Her er det fokus på miljøarbeid, og vårt mål er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. Gjennom eit kompetent team vil vi fokusere på individuell tilnærming og aktivisering, slik at kvar enkelt kan oppleve glede og livskvalitet.
Nordgardstunet: Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar som har ulike behov. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å leggje tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Du vil få faglege utfordringar med komplekse sjukdoms bilete.
Solkroken:
Solkroken er ein kortidsavdeling, med fokus på rehabelitering hos pasienter som er i behov for dette. Vi har 12 sengeplassar, fordelt på 11 pasientrom. Hos oss får vi inn pasientar med ulike behov; kartlegging, rehabilitering, avlastning og lindring. På Solkroken arbeider vi tverrfagleg i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste, spesialisthelsetenesta og forvaltning. Pasientane våre har samansette utfordringar og er i forskjellige aldersgrupper. Vi har eit aktivt miljø og det er viktig at du kan snu deg fort når du arbeider hos oss. Arbeidsmiljøet vårt er prega av fleksibilitet og samhold, og det er god fagkompetanse hos dei tilsette ved Solkroken.
På Meland sjukeheim har vi eigne nattevaktar som ivaretek pasientane på heile Meland sjukeheim. Desse er organisert under avdeling Solkroken.
Arbeidsoppgåver
Som pleieassistent er du ein viktig del av den faglege standarden og utviklinga i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerande for at bebuarane skal få best mogleg behandling og pleie. Du inngår i det tverrfaglege samarbeidet mellom sjukepleiar, helsefagarbeidar, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukeheimslege med fleir.
Kvalifikasjonar/kompetanse
Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
Kven er du?
Vi søkjer etter pleieassistent som har eit genuint engasjement for eldreomsorg, og som vil væra med på å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for pasientar og kolleger. Du bidrar til eit positivt arbeismiljø og har fokus på samarbeid. Du er ein sjølvstendig medarbeidar, har eit godt fagleg fokus, og er samvittighetsfull i din utøving av yrket.
Vi tilbyr
Løn etter avtale
Studentløn for sjukepleiar-/vernepleiarstudentar
God pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helsepersonellova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 5sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-ogservicesenter, Meland sjukeheim,Velferdssenteret på Mangerog Såta Bu- og Servicesenter i Knarvik. Sjukeheimstenesta har totalt194plassarfordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken organisert i sjukeheimstenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f2c37cfd-3ec1-4e63-bf21-6decf8839e7a
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10253897