Hopp til innhold

Tilkallingsvikar – Haugetun bukollektiv for eldre, Ytre Bremanger

Arbeidsgiver

Open omsorg ytre, Bremanger kommune

Sted

Stasjonsvegen 2, 6727 Bremanger

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikar – Haugetun bukollektiv for eldre, Ytre Bremanger
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Har du lyst til å vere med og skape gode dagar for eldre i eit trygt og sosialt miljø? Haugetun bukollektiv i Ytre Bremanger søkjer tilkallingsvikarar som kan bidra med omsorg, tryggleik og trivsel for våre bebuarar.

Hos oss blir du ein del av eit lite, godt arbeidsfellesskap der vi legg vekt på nærleik, respekt og humor i kvardagen. Arbeidet handlar om å gi praktisk hjelp, pleie og støtte – men også om å vere til stades, lytte og skape gode augeblikk.


Vi ser etter deg som:

  • Har eit varmt engasjement for menneske
  • Er fleksibel og kan stille opp ved behov
  • Har gode samarbeidsevner og likar å bidra til fellesskapet
  • Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid er fint, men ikkje nødvendig – vi gir opplæring

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
  • Moglegheita til å gjere ein forskjell i kvardagen til våre bebuarar
  • Løn etter gjeldande tariff

Kontaktinformasjon

Therese Grotle Eikeset, Fagleiar heimesjukepleien, 95 98 29 69
Karine Igland, Drifssjef Open omsorgs ytre, +47 959 82 940

Arbeidsstad

Stasjonsvegen 2
6727 Bremanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5064211930
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Therese Grotle Eikeset

Fagleiar heimesjukepleien

95 98 29 69

Karine Igland

Drifssjef Open omsorgs ytre

+47 959 82 940

Om bedriften

Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. 

Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!

 

 

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f2b7533c-c40a-4739-adc4-efb5596dd5fc

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c25dd2c273b74f8aba9a48cd87f81ebd

Lignende annonser

Ferievikar - Bremanger sjukeheim

Arbeidsgiver

Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune

Sted

Kalvåg