Lærar Florø ungdomsskule
Kinn kommune
Havrenesvegen 4, 6905 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar Florø ungdomsskule
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 11. april
Vi søker inntil 2 lærarar i 100% stilling frå 1. august 2025.
1 stilling er knytt til faga norsk, samfunnsfag, KRLE og valfag.
1 stilling er knytt til faga matematikk, naturfag og valfag.
Florø ungdomsskule har skuleåret 2024/ 2025 ca. 460 elevar i 17 klasser og 80 tilsette. Vi har ei eiga avdeling for særskild norskopplæring og integrering. Det vert lagt vekt på kontinuerleg profesjonsutvikling etter mål om inkluderande praksis og eit godt og trygt miljø for alle. Dette inneber at dei tilsette må vere utviklingsorienterte både kollektivt, gjennom samskaping, og individuelt, i forhold til eigen praksis. Saman med dei andre skulane i Kinn arbeider vi systematisk med inkluderande skulemiljø. Skulen satsar på forsterka tilpassa opplæring, og har to lærarar i kvar klasse i norsk, engelsk og matematikk. Teknologi er eit satsingsområde, og alle elevar og tilsette har eigne digitale einingar. Florø ungdomsskule har tradisjon for kulturbaserte miljøprosjekt, t.d. konsertar og musikaloppsetjingar, og aktivitetar i fellesareala våre som engasjerar og inkluderar. Vi søkjer etter engasjerte lærarar med gode fagkunnskapar og evne til å skape gode relasjonar til elevar og kollegaer. Vi forventar at nytilsette vil arbeide etter dei verdiar og i dei organisasjonsstrukturar som er gjeldande ved skulen vår. Aktuelle søkarar må rekne med intervju og kunne oppgje referanse.
Arbeidsoppgåver
Lærings- og undervisningsoppgåver, kontaktlærar.Kvalifikasjonar
Lærarutdanning, gjerne tilsvarande masternivåErfaring frå grunnskule helst ungdomstrinn
Relasjonsorientert og med evne til samhandling og rettleiing.
Undervisningskompetanse tilsvarande kompetansekrava på ungdomstrinnet.
Personlege eigenskapar
Ønskjelege eigenskapar:Engasjement til å skape gode lærings-og utviklingsvilkår for ungdom
Oppteken av eiga læring og utvikling, og trivast i eit miljø som gjev deg høve til dette.
Evne til profesjonsetisk refleksjon
Initiativrik og stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
Gode løns-og pensjonsvilkårTilgang til god kompetanseutvikling
Eit spanande og dynamisk kollegium!
Kontaktinformasjon
Jan Solheim, Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule, +47 91586981Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4945542563
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 11.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Jan Solheim
Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule
+47 91586981
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.419 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2901837
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9397704e949c47d08baf071f10c7b963