Fagarbeidar logistikk
Forsyningseininga, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeider logistikk
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. november
Vår forsyningseining ser etter 2 fagleg engasjerte og serviceinnstilte kollegaer til teamet vårt – kanskje er det deg vi leitar etter?
Forsyningseininga sørgjer for det meste av logistikk av eingongsutstyr og forbruksmateriell som sjukehuset er avhengig av til ei kvar tid. Her behandlar me førespurnader om nye varer, tek varemottak, følgjer opp ordrar og forsyner avdelingane med varer til bruk i pleie. Me arbeider i kulissane, men jobben vår spelar ei viktig rolle i pasientbehandlinga. Vår avdeling består av to hovudlager; eit sterilt lager som inneheld eingongsutstyr i steril forpakning, og eit sentrallager som inneheld alt frå kopipapir til gipsutstyr.
Arbeidsdagen vår er kun på dagtid (måndag til fredag), og me ladar batteria på ettermiddagane og i helgene. Me er innom fleire avdelingar på sjukehuset dagleg, og det er ein føresetnad at du er aktiv og likar å ta i eit tak. Du får ein god (og betalt) trim kvar dag ved å jobbe hos oss!
For å passe i rolla er det viktig at du er engasjert, har digital forståing og er lærevillig. Me utfører ulike arbeidsoppgaver og er ein driftig og endringsvillig gjeng. Det passar oss ypperlig om du også brenn for orden, system og forbetring! Me høyrer gjerne på di meining og er inkluderande.
Pasientane og avdelingane våre er i fokus og du må forstå viktigheten med pasientbehandlinga og ønske å yte den beste kvaliteten i arbeidet hos oss.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene du kjem til å utføre er blant anna:
- Bruk av innkjøps- og logistikksystem Libra (SAP)
- Endringar i system knytt opp mot ulike behov på avdelingane
- Deltakande og engasjert i forbedringsarbeid internt og regionalt
- Skanning, plukk og utlevering av varer fra våre lager til avdelingane
- Sørge for orden og vedlikehold på våre egne lagerområde samt lager på avdelingane
- Varemottak, registrering av pakker og leveranser
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan helse og/eller logistikk. Ønskelig at du har kjennskap til helse og omsorgssektoren
- Digital kunnskap og erfaring. Me bruker Microsoft 365, Libra (SAP) for det aller meste. Du vil få innføring i arbeidsverktøy me bruker daglig.
- God forståing innan hygiene.
- God forståing for vareflyt og lagerlogistikk. Ønskelig fra helsesektor men du blir også vurdert om du har anna logistikk erfaring.
- Førerkort kl. B er eit ønske, men ikkje eit krav.
- Gode norskkunnskaper muntlig og skriftlig. Gjerne kunne snakke og forstå engelsk då me av og til er i kontakt med fleirspråklege transportører.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- Er engasjert og er ein god og hjelpsom kollega
- Har godt humør og ivaretar dei rundt deg ved å vere påliteleg og arbeidssom
- Er strukturert og initiativrik
- Er ansvarsbevisst
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er i god form til fysisk arbeid
- Er serviceinnstilt og lærevillig i arbeidsverktøy me nyttar
Vi tilbyr
- Eit unikt kollegateam med varme, inkluderande og dyktige kollegaer
- Arbeidstid på dagtid der du har fri på kveldane og i helgene.
- God og betalt trim i løpet av arbeidsdagen
- Inkluderande miljø der ein ønsker å høyre kvarandre sine meiningar og forbedringsforslag.
- Økt forståing i sjukehuslogistikk
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
- Pensjonsordning i KLP
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Natalia Soto, Funksjonsleiar v/Forsyningseininga, +47 99201903Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4880096322
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 25.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Natalia Soto
Funksjonsleiar v/Forsyningseininga
+47 99201903
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2783391
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a6eafd81b10e4b10be2ee85928ad313e