Ferievikarar på Nissedal omsorgssenter 2025
Avdeling for institusjonstenester, Nissedal kommune
Sollivegen 2, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar på Nissedal omsorgssenter sommaren 2025
Oppstart
23. juni 2025
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Nissedal omsorgssenter har totalt 12 pasientar på skjerma og somatisk avdeling. Vi søkjer etter ferievikarar på dag og kveld, samt natt, frå veke 25 - 32. Vi søkjer deg som ynskjer å bidra til ein god og trygg kvardag for bebuarane på omsorgssenteret.
Som ferievikar på omsorgssenteret vil du utføre varierte pleie- og omsorgsoppgåver med fokus på medverknad, tillitsskapande tiltak og miljøarbeid tilpassa den enkelte avdeling.
Søknaden må innehalde:
- Når du kan byrje i stillinga
- Kva for avdeling du ynskjer å jobbe
- Kor lenge du kan jobbe
- Om du ynskjer fridagar eller helger du ikkje kan jobbe i den perioden du bind deg for, må dette kome fram i søknaden
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vil blant anna vere:
- Pleie- og omsorgsoppgåver tilpassa den enkelte bebuar
- Stell og pleie
- Tilrettelegging av måltider
- Observasjon av helsetilstand
- Dokumentasjon i gjeldande journalsystem
- Samarbeid med brukar og pårørande
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Vi treng ulike kompetanseområde:
- Sjukepleiarar
- Helsefagarbeidarar
- Elevar innan helsefaget.
- Assistentar med helsefagleg erfaring - Beherske norsk munnleg og skriftleg
- God på relasjonsbygging
- Evne til å jobbe sjølvstendig, samtidig som du er god til å samarbeide med kollegaer
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Ynskjer å bidra til ein god og trygg kvardag for bebuarane
- Kan jobbe sjølvstendig
- Har ynskje om å jobbe med menneske
- Har gode samarbeidsevner
- Er lojal, initiativrik og er trygg i kommunikasjon med andre
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull sommarjobb som vil gje deg nyttig og verdifull arbeidserfaring
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
- Løn etter gjeldande avtalar, med eigen avlønning for studentar med relevant høgskuleutdanning
- Bonusordningar. Om du bind deg for 5 eller fleire veker der arbeidsgjevar har styringsrett vil det bli utbetalt bonus for 5, 6 og 7 veker
Kontaktinformasjon
Eline Metveit, Avdelingsleiar for institusjonstenester, eline.metveit@nissedal.kommune.noArbeidsstad
Sollivegen 23855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4917281019
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 11.08.2025
Søknadsfrist: 28.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2859527
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5d4188ed68114302ad0a759bcdc63a96