ID 2004 Pedagogisk-psykologisk rådgjevar - Førebyggjande tenester
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk-psykologisk rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
PPT er avdeling innanfor Førebyggjande tenetser og har 10 fagstillingar med entusiastiske og motiverte tilsette. Tenesta er utviklingsorientert og jobbar gjennom variererte arbeidsmåtar. Me har hatt tett samarbeid med Statped knytt til ASK. Framover vil gjennomføring av Kompetanseløft for Spesialpedagogikk og inkluderende praksis stå sentralt i PPT og våre 3 samarbeidskommunar. Me ønsker oss ny medarbeider som kan bidra til å gje barn og elevar god spesialpedagogisk tilrettelegging.
Det er ledig fast 100% stilling som Pedagogisk-psykologisk rådgjevar Me treng fagperson med:- Master innafor eit av dei spesialpedagogiske fagområda -- gjerne logopedi
- Interesse for utviklingsarbeid i barnehage og skule -- særleg vekt på inkluderande praksis
- Engasjert og personleg eigna
- Systematisk og sjølvstendig
- Jobbar godt saman med andre
- God når det gjeld munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Påliteleg
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar Birthe Blokhus 92064415, eller fagleg leiar Jannecke Fjeldtvedt, tlf. 53496946/456 59 766
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2287282
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
f25eaa1e-2312-4428-9eeb-bdbb1c1991f1