Postdoktor i litteratur og generativ KI ved Senter for digitale forteljingar
Universitetet i Bergen
Langes gate 1-3, 5007 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Postdoktor i litteratur og generativ KI ved Senter for digitale forteljingar
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-wPostdoktorstilling i litteratur og generativ KI ved Senter for digitale forteljingar, ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Velkomen som søkjar til ei postdoktorstilling i litteratur og generativ kunstig intelligens (KI) ved Senter for digitale forteljingar, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. Planlagd oppstart er November 2025, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, og er en del av prosjektet AI Stories.
Om prosjektet:
Den som blir tilsett skal arbeide på prosjektet AI STORIES: Narrative Archetypes for Artificial Intelligence, eit Advanced Grant frå European Research Council leia av professor Jill Walker Rettberg, med eit team beståande av to andre postdoktorar, to doktorgradsstudentar, ein forskingsrådgjevar, ein datahandteringsekspert og ein forskingsassistent. Prosjektet vil utforske og teste hypotesen om at djupe narrative strukturar i datasetta som blir brukte til å trene generative KI-modellar blir replikert og kanskje forsterka i tekstane KI-en produserer, og at dette kan føre til kulturelt spesifikke narrative fordreiningar. Di rolle i prosjektet vil vere å eksperimentere med generative KI-modellar for å teste hypotesar om KI-genererte narrativ.
Om instituttet og Senter for digitale forteljingar:
Instituttfor lingvistiske, litterære og estetiske studiumtilbyr forskingsbasert undervisning innan eit breitt spekter av studieprogram, inkludert digital kultur, kunsthistorie, teaterstudium, samanliknande litteratur, lingvistikk, skandinaviske språk og litteratur, norrøne studium, og norsk som andrespråk og norskkurs for internasjonale studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen.
Instituttet er stolt vert for Senter for digitale forteljingar (CDN), eit norsk senter for framifrå forsking om humanistisk forsking innan elektronisk litteratur, spelstudium, digital kultur og databehandling for å fremje forståinga av digitale forteljingar. I 2025 vil CDN ha meir enn 30 forskarar og tilsette. Den som blir tilsett skal ha sin faste arbeidsplass ved CDN, som ligg i sin eigen bygning i hjartet av Universitetet i Bergen sin campus. CDN fokuserer på algoritmisk narrativitet, nye miljø og materialitetar, og dei skiftande kulturelle kontekstane der digitale narrativ blir mottekne og behandla
Arbeidsoppgåver:
Vi ser etter ein forskar som er interessert i å kombinere reknebaserte metodar med litterær analyse, og som likar å arbeide saman med andre. Fase 1 av prosjektet AI Stories er allereie i gang og inneber å utvikle det teoretiske rammeverket for å bruke narrativ teori på KI-genererte historier. Den som er tilsettvil hovudsakleg arbeide på Fase 2, der vi utviklar hypotesar og eksperiment og testar dei ved å finjustere og bruke modellar og analysere resultata. Prosjektet sine to doktorgradsstudentar blir også tilsett i år og vil arbeide saman med degpå Fase 2: den eine vil vere ein litteraturvitar som vil bruke «prompt engineering»og litterær analyse, og den andre vil bruke digitale metodar for dataanalyse og datavisualisering. Arbeidsoppgåvene er:
- Design og gjennomfør eksperiment med generative KI-modellar for å forstå korleis dei produserer narrativ, til dømes ved å finjustere modellar eller bruke eksisterande modellar og bruke kvalitative og reknebaserte metodar for å analysere resultata.
- Vere medforfattar på ein artikkel som bruker kvantitative eller statistiske metodar for å teste prosjektets hypotese.
- (Med-)rettleie doktorgradsstudentar som deltek i forskingsprosjektet.
- Publisere vitskaplege artiklar, samt presentere forsking på vitskaplege konferansar og for allmenta, teknologiindustrien, politikarar og andre relevante partar.
- Publisere dokumentasjon, kode og datasett i samsvar med retningslinjene for Open forsking.
- Bidra til å planleggje prosjektverkstader og ta leiinga på å organisere spesifikke arrangement.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga har som formål at den som blir tilsett skal opparbeide seg ein forskarprofil og kompetanse som gjer vedkommande kvalifisert for å søkje stilling som førsteamanuensis. Den som blir tilsett må i samråd med instituttet utarbeide ein karriereplan som spesifiserer den kompetansen postdoktoren skal opparbeide seg.
Samla postdoktorperiode er fire år, der 25 prosent av tida nyttast til anna karrierefremjande arbeidknytt til undervising, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Søkjaren må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan litteraturstudium, digital kultur, digitale humaniora, berekningslingvistikk, informatikk eller eit liknande område. Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
- Søkaren må ha noko erfaring med programmering.
- Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjaren må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
- Erfaring med berekningsbasert litteraturanalyse.
- Erfaring med oppsett, finjustering og bruk av store språkmodellar.
- Kompetanse innan litteraturteori og analyse.
Søkjaren må levere ei prosjektskisse (på opptil to sider) som beskriv deira preliminære idear for korleis dei vil planleggje eksperimentell forsking på narrative strukturar i generativ KI.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidarebli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Brutto årsløn på kr 645 000 i full stilling (kode 1352). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:
- Ei prosjektskisse (på opptil to sider) som beskriv deira preliminære idear for korleis dei vil planleggje eksperimentell forsking på narrative strukturar i generativ KI. Du kan sende ein mail til prosjektleiar Jill Walker Rettberg (jill.walker.rettberg@uib.no) for å få lese prosjektskissa for heile AI STORIES.
- Ein litteraturliste for prosjektskissa.
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
- CV.
- Karakterutskrift og vitnemål som dokumenterer fullført bachelor- og mastergrad, og dokumentasjon som viser at doktoravhandlinga er levert inn.
- Ei kort oppsummering av doktoravhandlinga (inntil tre sider).
- Fullstendig liste over alle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
- Inntil fem vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
- Relevante attestar og stadfestingar.
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Du finn meir informasjon om tilsettingsprosessen her.
Andre opplysningar:
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte Professor Jill Walker Rettberg,meddirektørfor Senter for digitale forteljingar,e-post: jill.walker.rettberg@uib.no
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
For HR-relaterte spørsmål, kontakt: HR-konsulent Turid Høyland, turid.hoyland@uib.no
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig