Avdelingsleiar - avdeling for oppfølging
Nav Kinn
Hans Blomgate 39, 6900 Florø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar oppfølging
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 11. august
Nav Vestland er organisert i regionar der kvar av desse er fagleg sjølvstendige. Region Sunnfjord består av Nav kontorene Sunnfjord og ytre Sogn, Askvoll og Kinn. Kinn kommune har 17 419 innbyggjarar og Nav Kinn har omlag 34 tilsette med kontor i Måløy og Florø. Kontoret er organisert i to avdelingar; brukarsenter og oppfølging. Vi har no ledig fast stilling som avdelingsleiar i avdeling for oppfølging. Stillinga er knytt til begge lokasjonane med fast kontorstad i Florø. Sidan avdelinga er fordelt på to lokasjonar må du rekne med å reise mellom lokasjonane ved behov. I avdeling oppfølging er det 18 tilsette som jobbar i ulike team på tvers av lokasjonane. Vi følger opp både ungdom og voksne med nedsett arbeidsevne og med ulike behov.
Vi er på jakt etter ein utviklingsorientert, løysingsdyktig og handlekraftig avdelingsleiar med eit sterkt engasjement for samfunnsoppdraget til Nav. Avdelingsleiaren skal saman med kunnskapsrike og engasjerte medarbeidarar bidra til å realisere målsettinga til den enkelte brukar, kommunen og Nav. Grunnleggande verdiar for oss er at brukar alltid skal møtast med respekt og stor grad av tilgjengelegheit. Avdelingsleiar skal tilrettelegge for at medarbeidarane har rette føresetnader for å lykkast med oppdraget. Utvikling av kompetanse og helsefremjande arbeidsmiljø er viktig. Avdelinga har ansvar for å sikre god kvalitet i oppfølging av arbeidssøkarar innanfor dei statlege tenestene. Avdelinga skal vere med å utvikle tenestene i Kinn kommune, og i region Sunnfjord på ein måte som ivaretek eit godt arbeidsmiljø og fremmer mål om å få fleire i arbeid og aktivitet.
Arbeidsoppgåver
- Fag-, resultat- og personalansvar for avdeling for oppfølging
- Ansvar for å motivere, utvikle og leie avdelinga sine medarbeidarar i samsvar med mål og prioriteringar
- Ansvar for oppfølging og rapportering på status og resultat i eiga avdeling
- Vere ein aktiv medspelar i kontoret og regionen si leiargruppe
- Bidra til gode, heilheitlege løysingar og kontoret si vidare utvikling
- Bygge relasjonar og knytte nettverk med sentrale samarbeidspartnarar
- Bidra til eit godt og helsefremmande arbeidsmiljø
- Legge til rette for kompetanseutvikling, læring, innovasjon og kunnskapsbasert praksis
Nav er i stadig utvikling, og det kan bli endring i arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevante fagområde kan til dømes vere helse og sosial, pedagogikk, samfunnsfag, jus, økonomi eller leiing. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere fro utdanningskravet.
- God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenester
- Gode relasjonsevner og erfaring frå å jobbe med menneske
- God digital kompetanse og trivst med å bruke ny teknologi
Det er og ein fordel om du har:
- Leiarerfaring og/eller utdanning
- Erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid
Dette ser vi etter hos deg
Vi ser etter ein avdelingsleiar som vil komplementere leiargruppa og ønsker at du har evne til å:
- Engasjere og motivere gjennom god og tydeleg kommunikasjon
- Bygge tillit og skape gode relasjonar internt og eksternt
- Sjå løysingar og vere ein drivar og tilretteleggar for utvikling- og endringsarbeid
- Jobbe strukturert og målretta
Vi tilbyr
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag
- Engasjerte og dyktige kollegaer som brenn for å hjelpe menneske
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Bidra til å påvirke vidare utvikling av Nav Kinn for å levere gode løysingar for innbyggjarane
- Velferdsgode som fleksibel arbeidstid, og moglegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Statleg tilsetting i stillingskode 1407 avdelingsleiar med lønnsspenn kr. 710 000 – 760 000 pr. år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgre lønn vurderast.
Kontaktinformasjon
Venke Eikeset Olafsson, Kontorleiar, 993 89 556, Venke.Eikeseth.Olafsson@nav.noArbeidsstad
Hans Blomgate 396900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4975744429
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f222d80d-8da8-464b-ba83-a04ba0bf1b04
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9281ff4c73034959ae2c65b1ad7e82cd