Vil du vere med å utvikle MR-tilbodet i Helse Førde?
Radiologisk seksjon Førde, Helse Førde
Svanahuagvegen 7, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vil du vere med å utvikle MR-tilbodet i Helse Førde?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
No har vi ledig stilling til deg som ønsker meir ansvar:
- Radiograffagleg arbeid innan MR
- Kvalitets- og utviklingsarbeid
- Utforming av protokollar- og prosedyrar
- Informasjon og undervisning
Stillinga er ei dagstilling (37,5 t/veke), og vi er fleksible rundt kva som blir din første arbeidsdag.
Ved Radiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus er vi opptatt av at du skal trivast saman med kollegaene dine, samtidig som du opplever fagleg utvikling og meistring i jobben. Vi har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og at pasienten kjenner seg ivaretatt.
- Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Vi har eigen trivselskomité som fiksar julebord, sommarfest og andre sosiale samankomstar. Ikkje bli overraska om vaffellukta brer seg på personalrommet.
- Du vil oppleve fagleg utfordring og sjansen til å utvikle kompetanse og ferdigheter innan MR. Samtidig får du påverke og utvikle MR-tilbodet i Helse Førde.
- Om du ønsker å ta steget vidare, kan vi tilby både kurs, vidareutdanning og masterløp.
Her får du 10 gode grunnar til å jobbe med oss!
Kvalifikasjoner (overskrift)
Kven ser vi etter?
God kommunikasjon er kanskje ein av dine viktigaste styrkar, då det er avgjerande for å vere flink med pasientar, fungere med kollegaer og mot andre avdelingar og profesjonar. Du viser engasjement og interesse for faget og brenn for å utvikle MR tilbodet i Helse Førde. Du har utvida kompetanse og brei erfaring frå tidlegare arbeid med MR. Det er ein fordel om du har vidareutdanning i MR, men om du ikkje har det, legg vi til rette for at du skal kunne gjennomføre det hjå oss. Det er krav om norsk autorisasjon som radiograf.
I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.
Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Reidun Brekke, Seksjonsleiar FSS, (+47) 578 39 616Arbeidssted
Svanahuagvegen 76812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4956236613
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Reidun Brekke
Seksjonsleiar FSS
(+47) 578 39 616
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f214d19b-5a3c-4db3-8ab4-a519b28e66a9
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3217c78ee72e4c80a82327d0fd0804fd