Hopp til innhold

Vågaleitet omsorgsteam

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Vågaleitet omsorgsbustad

Sted

Øygarden

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar/sjukepleiar 100% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om avdelinga:

Vågaleitet omsorgsteam yt tenester til menneske med ulike hjelpebehov som bur i eigne bustader. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, eigen medverknad, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Det er fellesmåltid ein gong i veka og andre fellesaktivitetar i regi av basen. Vi er ein flott og tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av vernepleiarar, hjelpepleiarar,  helsefagarbeidarar og assistentar.

Om stillinga:

Vi har no ledig eit vikariat i 6 mnd i ei 100% stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Det er årsturnus med lang vakter på inntil 14 timar med arbeid 4 kvar helg. 

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde.
  • Fagleg arbeid med observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar.
  • Primærkontaktansvar, tverrfagleg samarbeid med ulike instansar og kontakt med pårørande.
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
  • Legemiddelhandtering
  • Oppfølging i forhald til helse og omsorgstjenesteloven kap. 9

Kvalifikasjonar: 

Må ha:
  • Autorisasjon frå 3 årig høgskule utdanning innan helse, fortrinnsvis vernepleiar/ sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Min. aldersgrense 18 år.
  • Sertifikat klasse B
  • Kjennskap til Helse og omsorgstenestelova kap 9 og Pasient og brukerrettighetsloven kap. 4a
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Personlege eigenskapar:
    • Fleksibel
    • Løysingsorientert
    • Gode samarbeidsevner
    • Strukturert
    • Godt humør

    Anna:

    Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

    Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.

    Vi tilbyr:
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
    • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
    • Interessante utfordringar
    • Høve til fagleg og personleg utvikling.
    • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

    Kontakt:

    Avd.leiar Vågaleitet Vivian Kvinge tlf 41 41 55 21

    Einingsleiar Kristin Straume, tlf 99 79 95 26

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om bedriften

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    f1db933c-38fa-4418-9433-febccc8483cf

    Sist endret

    14. november 2025

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3559215_200601_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser