Seniorrådgivar - HR
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
6412 Molde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Seniorrådgivar - HR
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Vil du vere med å utvikle arbeidsgivarrolla hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal?
Vi søkjer ein engasjert og erfaren seniorrådgivar innan HR som vil vere med og utvikle arbeidsgivarrolla vår. Du får høve til å bidra til gode prosessar innan rekruttering, arbeidsrett og organisasjonsutvikling – og bli ein del av eit fagnettverk med HR-rådgivarar hos statsforvaltarane i heile landet.
Om staben
Verksemdsstøttestaben består av administrasjon og samordning. Denne stillinga ligg i gruppa for administrasjon. Gruppa har ei overordna rolle innan økonomi, HR/personal, intern kommunikasjon, kurs og konferansestøtte, anskaffelser samt servicekontor med publikumsmottak.
Vi er 10 medarbeidarar som har ulik fagleg bakgrunn og som saman jobbar i eit dynamisk arbeidsmiljø der alle har ein reell moglegheit til å påverke arbeidsdagen vår. Staben støttar heile organisasjonen sitt samfunnsoppdrag og yter tenester til leiarar og tilsette. (140 tilsette).
Stillinga er nyoppretta og inngår i seksjonen for verksemdsstøtte. Du vil arbeide med oppgåver som krev god forståing av regelverk og forvaltning av humankapitalen hos oss. Døme på oppgåver:
Arbeidsoppgåver
- Gi støtte og rådgiving til leiarar i HR-relaterte spørsmål, inkludert arbeidsrett og personalsaker
- Gjennomføre rekrutteringsprosessar i samarbeid med leiarar
- Vidareutvikle HR-prosessar og rutinar, med vekt på effektivisering og digitalisering
- Bidra til opplæring- og utviklingsarbeid innan HR-området
- Støtte embetet i endrings- og omstillingsprosessar
Du må vere budd på å ta del i andre oppgåver innanfor Statsforvalteren sitt ansvarsområde avhengig av prioriteringar og kompetansen din.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som har- relevant utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- relevant erfaring frå HR og rekruttering
- erfaring med rådgiving for leiarar og medarbeidarar
- erfaring med rekrutteringsprosessar
- erfaring med arbeidsrett og personalsaker
- kjennskap til statleg lov- og avtaleverk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som- er opptatt av godt samarbeid og kompetansedeling
- kommuniserer godt med både leiarar og medarbeidarar
- arbeider effektivt og systematisk innanfor gitte tidsfristar
- er fleksibel og har evne til å omstille deg
Kvifor søkje
- Du får vere med å utvikle eit viktig fagområde
- Du får jobbe i eit miljø med høg fagleg kompetanse og stort engasjement
- Du blir del av eit HR-fagnettverk hos alle statsforvaltarane
Bli kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, les meir på heimesida vår: www.statsforvalteren.no/mr
Vi tilbyr fleksibilitet i stillingsprosent for deg som ikkje kan jobbe fulltid.
Hos oss får du
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- løn som 1364 seniorrådgivar med lønnspenn frå kr 655.000,- til kr 770.000,- etter kvalifikasjonar og lokal lønspolitikk. Stillings- og lønstilplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. I særskilte tilfelle kan høgare løn vurderast.
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Hilde Merete Aure på telefon (Norge +47) 91685560.
Søknadsfrist: 14. september 2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f1ca1886-7b4e-4591-9ff6-a42abe48e2d7
- Hentet fra
sap
- Referanse
718 14. september 2025