Helsefagarbeidar ved Seljetunet
Helse og omsorg, Stad kommune
6740 Selje
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar ved Seljetunet omsorg og rehabilitering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Seljetunet har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar.
Seljetunet utfører tenester til bebuarar i institusjon og bufelleskap. Seljetunet har totalt 47 plassar der 31 rom er for langtidsopphald i institusjon og 16 bemanna omsorgsbustadar. Vi har tre avdelingar for langtidsopphald, der den eine avdelinga er spesielt tilpassa bebuarar med behov for skjerming i kvardagen. I tillegg har eininga avlastingsopphald og korttidsopphald. Seljetunet har eige institusjonskjøkken som og leverer mat til heimebuande i ytre del av Stad kommune.
Stillinga har tredelt turnus med nattevakter som er i samarbeid med heimetenesta, der vi bistår med hjelp etter behov i bufellesskap og i heimen. Det er arbeid kvar 3. helg og det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon. Det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i høve planlegging av arbeidstid.
Som tilsett på Seljetunet vil du få ansvarsfulle faglege oppgåver, du vil kunne utvikle deg og få påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga. Seljetunet deltek i TØRN -pilot der vi ser på ny oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning.
Er du i sluttfasen av lærlingtida? Start gjerne di utvikling som helsefagarbeider hos oss!
Arbeidsoppgåver
- Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
- Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer
- Samarbeid med pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
- Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre
Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
- Er du lærling oppfordrar vi deg til å søkje
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Bidrar aktiv til eit godt arbeidsmiljø
- Fokus på etikk
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område kommunen har behov for
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Flyttegodgjersle
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Stine Fylling Silden, avdelingsleiar, 98 48 24 49, stine.fylling@stad.kommune.noHeidi Munch Starheim, einingsleiar , 48 04 52 10, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4730712155
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2024
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2497757
- Hentet fra
talentech
- Referanse
016d079fec474bad868ee1514c3f4d61