Helsefagarbeidar
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar Oreteigen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Snarleg tilsetting.
Oreteigen er ei bueining med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning.
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har pasientar med mange diagnosar og komplekse sjukdomsforløp som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.
Våre verdier er: Respekt, Kunnskap og Omsorg
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
- Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Har erfaring frå kommunehelsetenesta
- Må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Har god og generell IT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen
Personlege eigenskapar
- Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel
- Ein som medverkar til eit godt arbeidsmiljø
- Trivast med endringar og nytenking
- Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag.
Vi tilbyr
- Eit fagleg og engasjert arbeidsmiljø
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
Kontaktinformasjon
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818Arbeidsstad
6823 SAndane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4996763467
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Eva Skrivervik-Alme
Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta
+47 48894818
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f194f4b8-bd9e-4fba-8558-7b09c80a5b8a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
12523f37366344c781a4d9a77f9a62d5