Assisterande fylkeslege
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, Solheimsgaten 13, 5058 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande fylkeslege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Om stillinga
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland har ledig ei fast stilling som assisterande fylkeslege. Vi er fleksible på kontorstad, anten Leikanger eller Bergen. Vi har to helseseksjonar, og stillinga vil bli plassert i føremålstenleg seksjon, anten i seksjon spesialisthelse eller seksjon kommunehelse og -omsorg.
Avdelinga er leia av fylkeslegen, og har tilsette med kompetanse innan barnevern, helse- og sosialfag, rettsvitskap, pedagogikk, samfunnsfag og administrasjon. Vi behandlar enkeltsaker og fører tilsyn med kommunar, helseføretak og institusjonar, gir råd og rettleiing og medverkar til gjennomføring av nasjonale mål. Vi har også tett kontakt med kommunar, spesialisthelsetenesta og nasjonale styresmakter.
Vi har eit særskilt oppdrag som gjeld å arbeide for framtidige berekraftige helse- og omsorgstenester, der vi skal vere ein pådrivar for systematisk arbeid med kompetanseheving og rekruttering i tenestene. Vi skal òg halde nasjonale styresmakter orienterte om utfordringar i tenestene, samordne mellom ulike tenester, og setje i verk nasjonale tiltak. Vi skal i nær framtid implementere ny meldeordning og strategi for tilsynsmynda. Bruk av kunstig intelligens i sakshandsaminga er noko vi tek fatt på denne hausten.
Arbeidet som ligg til stillinga er variert og inneber samarbeid på tvers av fagfelt. Oppgåvene blir tilpassa kompetansen til den som får stillinga og den samla faglege kompetansen i avdelinga. Vi legg til rette for at legar hjå oss får gå eit utdanningsløp for å bli samfunnsmedisinarar, dersom dei ikkje allereie er spesialist i samfunnsmedisin ved tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Medisinskfaglege vurderingar i enkeltsaker og klager
- Tilsyn med helse- og omsorgstenester, skriftleg og i møte
- Råd og rettleiing til kommunar, helseføretak, helsepersonell og enkeltpersonar
- Deltaking i møte med verksemder og pasientar
- Innlegg på konferansar/seminar
Andre viktige oppgåver kan vere aktuelle på områda helseberedskap, folkehelse og andre område innan samfunnsmedisin.
Kvalifikasjonar
- Lege med erfaring frå og god kjennskap til helse- og omsorgstenestene
- Spesialist i samfunnsmedisin, allmennmedisin eller annan spesialitet
- Erfaring frå offentleg forvaltning vert vektlagt
- God arbeidskapasitet
Personlege eigenskapar
Personen vi søkjer må ha
- gode samarbeidsevner evne til å kunne kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte, både skriftleg og munnleg
- god skriftleg formidlingsevne på både nynorsk og bokmål
- evne til å kunne arbeide sjølvstendig innanfor dei fristane som er sett og vere innstilte på å samarbeide nært med kollegaer.
Personlege eigenskapar, fleksibilitet og omstillingsevne blir vektlagt.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om positiv særbehandling hos Arbeidsgivarportalen.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er løna i stillingskode 0774 ass. fylkeslege, frå kr 990 000–1 150 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f1728e17-2c57-4957-bf94-4eaf6b1cda57
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10256429