Hopp til innhold

Produktleiar for regjeringen.no

Arbeidsgiver

Departementenes digitaliseringsorganisasjon

Sted

Biskop Gunnerus gate 6, 0154 Oslo

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Produktleder (seniorrådgiver) for regjeringen.no
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Vi er DIO

Når det nye regjeringskvartalet opnar dørene i 2026, markerer det ikkje berre ein ny kvardag for departementa – det er starten på ei ny tid for heile statsforvaltninga. DIO er etablert for å vere ein drivkraft i dette skiftet.

DIO står for Digitaliseringsorganisasjonen til departementa. Vi vart etablert som ny etat i januar 2025. Oppdraget vårt er å bidra til effektiv forvaltning gjennom enklare digital samhandling, smartare ressursbruk, einskaplege og fleksible arbeidsformer, samt raskare og ansvarleg bruk av ny teknologi.

Vi har ansvar for det digitale økosystemet i det nye regjeringskvartalet – frå nettverk, IT-drift og brukarstøtte, til utvikling av ei ny felles digital plattform, profesjonell medieproduksjon og rådgiving innan teknologi, tryggleik og innovasjon. Vi legg til rette for at departementa skal lukkast med sine samfunnsoppdrag.

No søkjer vi deg som vil vere med og forme tenestene som skal leverast i hjartet av norsk politikk og forvaltning. Hos oss får du stor påverknad på den digitale kvardagen til departementa i dei nye regjeringsbygga. Dette er meir enn ein jobb – det er ei unik moglegheit til å vere med frå starten.

Vi ser etter deg som er trygg i faget, raus i samarbeidet – og som ser moglegheiter for å få ting til å fungere betre.


Kva blir dine oppgåver

Hos Seksjon for formidlingstenester i DIO søkjer vi no ein dyktig seniorrådgivar som kan leie utviklinga av regjeringen.no.

Regjeringen.no er hovudkjelda til informasjon frå regjeringa til folket. Vi søkjer ein produktleiar som skal ta heilskapleg ansvar for vidareutvikling og forvaltning av nettstaden og tilhøyrande digitale tenester. Rolla er sentral for å sikre at innbyggjarane får enkel tilgang til korrekt, oppdatert og brukarvennleg informasjon.

Som produktleiar vil du vere bindeleddet mellom fagmiljø, kommunikasjons­einingane i departementa, tekniske leverandørar og brukarane – både nettredaktørar og sluttbrukarar. Du vil arbeide i eit tverrfagleg team med kompetanse innan teknologi, kommunikasjon og design, og leie prosessar som sikrar at løysinga møter dagens og framtidas behov. Du må òg evne å sjå samanhengen mellom regjeringen.no og andre digitale produkt i seksjonen, slik at heilskapen blir best mogleg for brukarane.

Du får arbeida med å:

  • utvikle og forvalta regjeringen.no i tråd med strategiane for nettstaden. 
  • prioritera og planleggja utviklingsinitiativ basert på brukar­behov, data og politiske føringar. 
  • bidra til innovasjon og utforske moglegheiter som nye teknologiar gir, inkludert kunstig intelligens. 
  • sikre god samhandling med andre digitale produkt i DIO.

Kven er du?

Vi søkjer deg som har:
  • Relevant høgare utdanning innan IT, kommunikasjon, produktleiing eller tilsvarande.
  • Erfaring med produktleiing eller utvikling av digitale tenester.
  • Erfaring med webløysingar eller digitale formidlingstenester.
  • Svært god skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk og engelsk.
I tillegg er det ein fordel om du har:
  • Kompetanse innan smidig metodikk og tverrfagleg samarbeid.
  • Kjennskap til innhaldsstrategi og brukarorientert design.
  • Erfaring med analyseverktøy og datadriven beslutningstaking.
  • Interesse for kunstig intelligens og korleis det kan brukast til å forbetre digitale tenester.
  • Forståing for personvernregelverk (GDPR) og krav til universell utforming (UU).
  • Evne til å sjå heilskap og samanheng mellom fleire digitale produkt.
Vi trur du vil trivst hos oss dersom …

… du har ein strategisk og analytisk tilnærming, med evne til å sjå både heilskapen og detaljane. Du har gode samarbeidsevner og er flink til å byggje relasjonar. Du kommuniserer godt med både tekniske og ikkje-tekniske miljø, og har alltid brukaren i fokus. Du er strukturert og resultatorientert, samstundes som du har evna til å inspirera og engasjera.


Kvifor jobbe i DIO?

Jobb tett på avgjerdene – og få ting til å virke

I DIO jobbar du tett på departementa og bidreg til at teknologi, tenester og støttefunksjonar fungerer saumlaust – slik at regjeringsapparatet kan gjere jobben sin. Du får moglegheit til å påverke digitale løysingar og tenester som er avgjerande for at Noreg skal styrast effektivt og trygt.

Arbeid med meining – kvar dag

Tenestene vi utviklar og drifter blir brukte dagleg av tusenvis av tilsette i departementa. Vi sørgjer for at møterom, samhandlingsløysingar, digital infrastruktur og brukarstøtte fungerer – og utviklar nye løysingar som gjer kvardagen enklare og tryggare for dei som styrer landet. Vi leverer òg profesjonell medie- og videoproduksjon til statsrådar og departement.

Inspirerande fagleg fellesskap

Du blir ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø innan digitalisering, drift, innhalds- og medieproduksjon og IT-support – og ein organisasjon i utvikling. Vi jobbar tverrfagleg, deler kunnskap og byggjer ein kultur der det er rom for nysgjerrigheit, utvikling og godt samarbeid på tvers.

Tryggleik og fleksibilitet i kvardagen

Hos oss får du fleksibel arbeidstid, sommartid og ekstra fridagar i jula og romjula. Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, og legg til rette for at du skal ha god balanse mellom arbeid og fritid.

Arbeidsstad i hjartet av Oslo

Hovudkontoret vårt ligg midt i sentrum, i umiddelbar nærleik til det nye regjeringskvartalet.

Moglegheit til å påverke og utvikle deg vidare

DIO er ein nyetablert etat i vekst. Hos oss får du ei unik moglegheit til å vere med og forme både eiga rolle og vår vidare retning. Vi ser etter deg som trivst i ein dynamisk kvardag og som blir motivert av endring og utvikling. Arbeidsoppgåvene dine kan bli justerte i takt med DIO sine behov – og dine eigne styrkar og ambisjonar.

Praktisk informasjon

Stillinga er for tida løna som seniorrådgivar (stillingskode 1364) i lønsspenn frå kr 750 000 til kr. 900 000 per år, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

Tilsetjing føreset autorisasjon på nivå BEGRENSET.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli offentleggjorde, sjølv om du har bedt om å bli unnateken frå søkjarlista.


Vi er opptekne av mangfald

Grunnverdiane våre er å vere ein ansvarleg og raus pådrivar for positiv endring.

Vi trur at ved å omfamne mangfald og fremje ein inkluderande kultur, blir vi betre rusta til å møte utfordringane vi står overfor. Folk med ulike bakgrunnar og perspektiv finn nye og kreative måtar å løyse oppgåver på – noko som er avgjerande for våre evner til å levere effektive og innovative løysingar. Difor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.

Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søkje på stillingar hos oss.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
 For å bli vurdert som søkjar i nemnde grupper må du oppfylle visse krav. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn.

Har du spørsmål om dette, kan du lese meir om positiv særbehandling når man søker jobb i staten.


Om bedriften

Seksjon for formidlingstjenester består av 15 ansatte og har ansvar for å utvikle og levere digitale løsninger som effektivt formidler informasjon til DIOs ulike målgrupper. Seksjonen jobber med å tilrettelegge for kommunikasjon gjennom digitale kanaler, inkludert nettsider, intranett og andre formidlingsplattformer.Den sikrer at innholdet er brukervennlig, tilgjengelig og i tråd med DIOs strategiske mål. Seksjonen fokuserer på å styrke kommunikasjonen internt og eksternt, og bidra til at informasjon når frem på en tydelig og effektiv måte.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f14708e1-1256-462d-a769-daac018f5c05

Sist endret

14. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10273469

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Departementenes digitaliseringsorganisasjon

Sted

Oslo