Er du ein erfaren teknikar som trivst med ansvar, tekniske utfordringar og eit kreativt arbeidsmiljø?
Ll Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftsteknikar/elektrikar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Ønskjer du å bruke kompetansen din i eitt av Noregs største teaterhus -- midt i hjartet av Oslo? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Som teknikar ved Det Norske Teatret får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit unikt og skapande miljø. Du vil ha ansvar for teateret sine VVS-system og arbeide med drift, tilsyn og vedlikehald av bygget sine tekniske installasjonar og teatertekniske system.
Du blir ein del av eit fagleg sterkt team som bidreg til at teateret sitt moderne bygg på 26 000 kvadratmeter fungerer optimalt -- både framfor og bak scena.
Arbeidsoppgåver-
Vedlikehald av ventilasjonsanlegg
-
Feilsøking på elektriske system og reparasjon av maskiner og utstyr
-
Avdekke og rette opp avvik, til dømes mellom SD-anlegget og ventilasjonsanlegget
-
Drift av scenetekniske installasjonar
-
Prosjektarbeid, til dømes gjennomgang av trykkluftsystem eller optimalisering av energibruk
-
Fagbrev innan elektrofag, VVS teknikk/ fagskole
-
Relevant yrkespraksis kan kompensere for ein del formell utdanning, og vi oppfordrar deg som har erfaring innan VVS, automatikk eller serviceteknikk om å søke stillinga.
-
Erfaring frå drift, vedlikehald og igangsetting av byggtekniske installasjonar
-
Kompetanse i feilsøking i større styringssystem
-
Erfaring frå drift av større bygg eller lokale
-
God forståing av tekniske teikningar, skjema og byggeteikningar
Det er ein fordel om du også har erfaring med brannvarslingsanlegg og digitale verktøy. Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som er ansvarsmedviten, løysingsorientert og serviceinnstilt. Du arbeider systematisk, prioriterer godt under press og trivst med å løyse utfordringar i samarbeid med andre. Du er fleksibel og allsidig, og har eit ekte engasjement for faget.
Vi tilbyr-
Ei spennande stilling i eit unikt og inspirerande arbeidsmiljø
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Gode ferieordningar
-
Tilgang til treningsrom og organiserte treningstilbod
-
Gode velferdsordningar
-
Eit kollegialt miljø med høg fagleg kompetanse og sterk lagånd
Arbeidstida er 35,5 timar per veke. Stillinga inngår i skiftordning, og kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppmodar kvalifiserte kandidatar som kan bidra til auka mangfald i organisasjonen vår, til å søkje.
Om bedriften
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum.
Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f115b123-7986-4151-84d1-9dc90cae8333
- Sist endret
20. april 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
459779173