Hopp til innhold

Helsefagarbeidar Fjaler sjukeheim, 100 % fast stilling

Arbeidsgiver

Fjaler kommune Fjaler sjukeheim

Sted

Dalsvegen 81, 6963 Dale i Sunnfjord

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

Fjaler Sjukeheim har no ledig  100% stilling som Helsefagarbeidar, og vi søkjer deg som har hjarte for omsorg, fagleg engasjement og eit ynskje om å gjere ein forskjell- kvar einaste dag. Våre tenester er i endring for å møte framtidas behov, og vi har spanande oppgåver til både nyutdanna og dei med lang erfaring.

Som helsefagarbeidar hos oss vert du ein viktig del av eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø. Du vil arbeide tett med bebuarar, pårørande og kollegaer for å sikre trygg, verdig og individuelt tilpassa omsorg.

I februar 2024 starta sjukeheimen opp med eit spennande utviklingsarbeid knytt til oppgåvedeling (TØRN-prosjektet). Målet er at Helsefagarbeidarane hos oss skal få nye oppgåver, auka kompetanse og meir ansvar i avdeling.

Vi har årsturnus på 52 veker med tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg eller langvakter med arbeid kvar 4.helg. Denne ordninga er for tida frivillig.

Har du lyst til å bli ein del av laget vårt og vere med på å skape gode augeblikk for andre? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og forsvarleg måte.
  • Sikre at det vert utført fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukar.
  • Dokumentasjon og oppfølging i tråd med gjeldande rutiner.
  • Medikamenthandtering.
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane.
  • Jobbe kunnskapsbasert.
  • Jobbe for auka fagleg utvikling.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper og på tvers av avdelingane.
  • Vere ein god rollemodell.
  • Rettleiing av elevar og studentar i praksis.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding.

Personlege eigenskapar

  • Du er omsorgsfull, pålitelig og engasjert
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • God på kommunikasjon
  • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø
  • Engasjement for eldreomsorg
  • Fleksibel og med gode samarbeidsevner
  • Godt humør

Vi legg vekt på at du er personleg egna til stillinga.

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Fadderordning
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Moglegheit for fagleg utvikling


Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Evy Solheim

+47 57738147

Evy.Solheim@fjaler.kommune.no

Om bedriften

Fjaler sjukeheim har totalt 35 plasser fordelt på 3 avdelingar. Av desse er 13 langtidsplasser, 8 plasser på skjerma eining og 14 plasser på korttid/rehabiliteringsavdeling. Tilsynslege er tilknytt sjukeheimen med legevisitt 2 dagar per veke. Vi har og tverrfagleg samarbeid med ergo-/fysioterapitenesta som ligg i same bygg. Sjukeheimen har eige institusjonskjøkken, som lager mat etter kok/kjøl prinsippet. Vi har eige dagsenter for bebuarane våre, samt for heimebuande som kjem på dagopphald for sosialt samvær, aktivitet og måltid. Dagsenteret er bemanna med eigen aktivitør. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta. Sjukeheimen har starta opp med arbeid knytt til oppgåvdeling – TØRN. Våre tenester vert tilpassa for å møte framtida sine behov, og vi har mange spanande oppgåver.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f114fce9-ae56-4418-a13d-f94a153a9610

Sist endret

21. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3655467_191835_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser