Ferievikar 2025 - Sjukepleiar, vernepleiar, studentar m.m.
Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar 2025 -Sjukepleiar, vernepleiar, studentar m.m.
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. januar
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 34. Vi treng mellom anna sjukepleiar, vernepleiar, psykologstudentar og helsefaglege studentar.
Seksjonen består i dag av eit akutteam, eit ambulant allmenteam og eit ACT-team (Aktivt oppsøkjande behandlingsteam). Pasientopptaksområdet er Søre Sunnmøre.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller sosionom
- Helsefagleg student (sjukepleie-/ vernepleie-/ sosionom-/ barnevern- eller psykologstudent) som har gått minst 2 år av utdanninga
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha førarkort klasse B (personbil)
- Ønskeleg med praksiserfaring innen psykisk helsevern
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsfull, løysingsorientert og strukturert
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Du har stor arbeidskapasitet og et stort fagleg engasjement
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du har gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
- Du fungerer godt i tverrfaglege team
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagde ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Solrun Brenk Rønning, Seksjonsleiar, Solrun.Brenk.Ronning@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4887372792
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2797031
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2cf73225f90748549da7e1ed9e05c129