Ferievikariat som politibetjent
Møre og Romsdal politidistrikt
6517 Kristiansund N, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikariat som politibetjent
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Antall stillinger
6
Vi har ledig fleire ferievikariat som politibetjent i Møre og Romsdal politidistrikt. Vikariat er ledige i perioden frå juni - august 2023. Vikariat kan bli forlenga, men ikkje utover 6 månadar. Ferievikariata er i hovudsak med oppgåver innan vakt og beredskap og etterforsking. Det endeleg talet på vikariat er ikkje avklart.
Avgangselevar ved PHS vår 2023 kan også søke.
Vi ser etter deg som har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Du er ansvarsbevisst og serviceinnstilt. Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du som modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. I vår vurdering av kandidatane vil vi også vektlegge desse verdiane.
Det er behov for ferievikar ved:
- Kristiansund politistasjonsdistrikt
- Smøla og Aure politistasjonsdistrikt
- Molde politistasjonsdistrikt
- Indre Nordmøre politistasjonsdistrikt (Sunndal)
- Surnadal politistasjonsdistrikt
- Operasjonssentralen i Ålesund
Det kan bli behov for ferievikar ved fleire einingar.
Stillinga må søkast på elektronisk. Når du søker på stillinga vil du bli bedt om å oppgi i søknaden kva for arbeidsstad(ar) du søker deg til.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid innan beredskap, vakt- og patruljeteneste / arbeid som operatør ved operasjonssentralen
- Politiarbeid på staden
- Straksetterforsking
- Arbeid innan etterforsking
- Avhøyr
- Grensekontroll og indre schengen grensekontroll
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skule (ved tiltreding i ferievikariat). Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/SearchText=karakterskjema+phs
- Operativ godkjenning i kategori 4
- God skriftleg og munnleg formidlings-/kommunikasjonsevne
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskeleg:
- Erfaring frå politi- og lensmannsetaten
- Gode resultat frå politihøgskulen
Personlige egenskaper
- Du er ansvarsbevisst og har god gjennomføringsevne
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er serviceinnstilt
- Vere tett på, modig, vise respekt og tenke heilskapleg. Vi jobbar saman for fellesskapet sitt beste i tråd med lover, reglar og våre verdiar. Du kan lese meir i medarbeiderplattformen vår og i dei etiske retningslinjene våre.
Vi tilbyr
- Ferievikariat (forenkla tilsetting/administrativ tilsetting) som politibetjent i Møre og Romsdal politidistrikt, i perioden juni - august 2023.
- Vikariat kan bli forlenga, men ikkje utover seks månadar.
- Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 1 (SKO 1457 og 1458) - Lønn frå kr. 400 000 til kr. 425 000.
- Politibetjent 2 (SKO 1459 og 1460) - Lønn frå kr. 415 000 til kr. 445 000.
- Politibetjent 3 (SKO 1461 og 1462) - Lønn frå kr. 450 000
- Endeleg lønnsplassering avhengig av ansiennitet, erfaring og kvalifikasjonar.
- Godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK), med gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det trekkast to prosent av løna til SPK.
- Møre og Romsdal politidistrikt er IA-bedrift og knytt til bedrifthelseteneste.
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Kim André Hovland, Seksjonsleiar ved seksjon for vakt og beredskap i Kristiansund, 95 83 21 37Per Karstein Røv, Politistasjonssjef Molde politistasjonsdistrikt, 920 62 959
Lars Olav Melkild, Politistasjonssjef Indre Nordmøre politistasjonsdistrikt, 92 41 40 90
Olav Halse, Politistasjonssjef Surnadal politistasjonsdistrikt, 404 84 667
Arnfinn Fuglevåg, Politistasjonssjef Smøla og Aure politistasjonsdistrikt, 400 22 161
Erik Steen Mikalsen, Seksjonsleiar seksjon for operativ styring, 70 11 89 57
Arbeidsstad
6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4636212865
Stillingsprosent: 100%
Vikar, Sommarjobb
Søknadsfrist: 02.04.2023
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2287103
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4babe030b95d4d65873d528e969c425b