Fast i sommarrute og ressursgruppe i ein attraktiv 2:4-turnus!
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
5108 Hordvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overstyrmann i ressursgruppe Vestland / Sommerruta MF Lifjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Fjord1 er eit av Noregs leiande ferjeselskap. Vi leverer trygg og påliteleg transport for passasjerar og kjøretøy langs norskekysten. No søker vi ein dyktig og engasjert overstyrmann som ein del av vår ressursgruppe, med fast omdisponering til sommarruta på sambandet Jondal – Tørvikbygd, p.t. MF Lifjord.
Dette er ein del av vår nye strategi for å styrke ressursgruppa gjennom faste tilsetjingar. Som overstyrmann vil du utanfor sommarsesongen vere ein del av ressursgruppa og bidra til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband, og reservefartøy som MF Lifjord, MF Solskjel og MF Sogn.
Sommarrute: 15. mai – 15. oktober 2025 på MF Lifjord
Skiftordning: 98 timars arbeidsveke (14 timar per dag), med 2 veker på, 4 veker av.
Vi vurderer moglegheita for individuelle tilpassingar i skiftordninga i vinterperioden.
Kvifor velje oss?
- Variert arbeid: Ein spanande og variert arbeidsdag med utfordrande oppgåver.
- Fleksibel skiftordning: 2 veker på, 4 veker av gir deg ein god balanse mellom jobb og fritid.
- Fantastiske kollegaer: Jobb saman med engasjerte og erfarne sjøfolk.
- Karrieremoglegheiter: Vi gir deg verdifull erfaring hos Noregs leiande ferjerederi.
- Moglegheit for å bu om bord: Du kan bu om bord i arbeidsperiodane, eller reise heim etter ynskje.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Oppgaver iht alarminstruks
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg
Kvalifikasjonar
- D3-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar.
- Skiftordning: 2 veker på, og 4 veker av
Er dette stillinga for deg? Send inn søknaden din og bli med på laget som sikrar framtidas transport!
Kontaktinformasjon
Silje Terese Hjønnevåg Hole, Bemanningskoordinator, +47 91311704, Silje.Hole@fjord1.noArbeidsstad
5108 Hordvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4911777408
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2025
Om bedriften
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2843363
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a25084fd9ccc49f1864b61b2585940b4