Hopp til innhold

Senioringeniør/ Ingeniør stabilitet og vekt

Arbeidsgiver

Ulstein Design & Solutions AS, Ulstein Group

Sted

Osnesvegen 118, 6065 Ulsteinvik

Om jobben

Stillingstittel
Senior Engineer/ Engineer Stability & Weight
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vil du vere med og forme skipa som skal definere framtidas maritime næring? 

I Ulstein Design og Solutions får du sjansen til å vere med der ideane blir til løysingar, og der visjonar vert bygde i stål rett utanfor kontorvindauget ditt. 

Vi jobbar vi kontinuerleg for å innovere, engasjere og avansere. Med kombinert ekspertise og kreative evner utviklar vi nyskapande design, løyser komplekse utfordringar og styrker konkurransekrafta for kundar over heile verda. Vi gjer dette gjennom prosjekt der livsløpsperspektiv, kostnadseffektivitet og driftstryggleik alltid står i sentrum. 

No som oppdragsmengda aukar, søker vi ein erfaren og engasjert stabilitets- og vektingeniør som vil bli ein del av eit framoverlent fagmiljø og eit tverrfagleg designteam. Her vil du jobbe med varierte og utfordrande oppgåver gjennom heile designløpet, frå dei første konsepta til nybygg og fartøy som er i arbeid. Stillinga gir store moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling i eit internasjonalt miljø. 

Vi ser etter ein person som vil påverke og skape resultat saman med andre, og vere med og utvikle morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle Ulstein si skipsdesignportefølje innan ulike segment  
  • Utføre berekningar, dokumentasjon, verifisering og oppfølging innan stabilitet gjennom skipets livsløp - frå konseptutvikling og konstruksjon til service- og ettermarknadstenester   
  • Vektestimering og vektoppfølging i design- og konstruksjonsfase  
  • Delta på krengeprøver både lokalt og globalt  
  • Samarbeide tett med designteam, prosjektgrupper, verft, klasseselskap, myndigheiter, leverandørar og FoU-miljø 
  • Vedlikehalde og vidareutvikle vektdatabase  
  • Utvikle og forbetre  metodar og system 
  • Dele erfaring og bidra i  utviklingsinitiativ i selskapet og resten av Ulstein  
  • Reiseaktivitet må påreknast  

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan skipsdesign (BSc/ MSc) 
  • Erfaring med stabilitet og hydrostatiske berekningar  
  • Erfaring med vekt- og tyngdepunktsberekningar   er ein fordel   
  • Kjennskap til klasse- og myndigheitskrav  
  • Erfaring med NAPA, ShipWeight og CAD 
  • God forståing for skipsdesign og skipsbygging   
  • Skript- og programmeringskunnskapar er ein fordel  
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar  

Personlege eigenskapar

  • God på kommunikasjon og samarbeid     
  • Løysingsorientert  med analytisk og metodisk tilnærming  
  • Strukturert og sjølvstendig i ein dynamisk arbeidskvardag    
  • Evne til å jobbe på tvers av fagområde     
  • Nysgjerrig på ny kunnskap og villig til å dele erfaringar    

Vi tilbyr

  • Sterkt og inspirerande fagmiljø med utviklingsmoglegheiter 
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø   
  • Konkurransedyktige vilkår  
  • Fleksitidsordning  

Kontaktinformasjon

Kristin Hide, Technical Manager, 992 72 142
Radovan Gasparovic, Head of Stability & Weight, 941 53 328

Arbeidssted

Osnesvegen 118
6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Ulstein Group

Referansenr.: 5074308616
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Radovan Gasparovic

Head of Stability & Weight

941 53 328

Kristin Hide

Technical Manager

992 72 142

Om bedriften

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. 

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Design & Solutions AS utviklar ei rekke prisvinnande skipsdesign og systemløysingar. I tillegg tilbyr selskapet tenester innan engineering, prosjektstyring og siteoppfølging for skipsbygging. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f07b8b22-ba49-42df-a2e4-c0b1612f627c

Sist endret

3. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

eff1caf951654a14b81948b831001b7f

Lignende annonser