Hopp til innhold

Vil du bli vår nye avdelingsleiar for transport og renovasjon?

Arbeidsgiver

Transport og renovasjon

Sted

Flovegen 12, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar for transport og renovasjon
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. mai

Er du vår nye transport og renovasjonsleiar?

Vi søker deg som vil vere ein nøkkelperson i Sunnfjord Miljøverk med det overordna ansvaret for transport og renovasjon. Som avdelingsleiar blir du ein del av leiargruppa og får vere med å utvikle tenestene våre vidare.

Kven er du?

Du er ein trygg og tydeleg leiar som trivst med ansvar. Du har erfaring frå transportbransje og arbeider strukturert og sjølvstendig. Du har evne til å finne gode og gjennomtenkte løysingar. Du motiverer andre og skapar framdrift i arbeidet.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for transport og logistikk
  • Følgje opp avfallsløysingar i samband med reguleringsplanar og utbyggingsprosjekt
  • Samarbeide tett med interne avdelingar og eksterne partar/leverandørar
  • Personalansvar for eiga avdeling
  • Sikre god oppfølging av HMS-rutinar i avdelinga
  • Oppfølging av kvalitets- og prosessavvik innan eige ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå transportleiing er ein fordel
  • Det er ønskjeleg med kompetanse som oppfyller krava til transportleiar, eller vilje til å ta slik kompetanse
  • Gode leiareigenskapar med evne til å engasjere og rettleie medarbeidarar
  • Relevant utdanning og/eller erfaring innan logistikk og transport
  • Gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Jobb i ein bransje i utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår og KLP-pensjon
  • Løn etter avtale

Om bedriften

Sunnfjord Miljøverk (SUM) har eit givande samfunnsoppdrag. Vi er renovasjonsselskapet til Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord kommune, og har som hovudoppgåve å løyse kommunane sine utfordringar innan avfallshandtering. I dag er vi 35 tilsette som mellom anna jobbar innanfor drift, renovasjon, transport og renovasjon, kundesenter, økonomi, HR og IT. Hovudanlegget vårt ligg på Einestølen, og vi har i tillegg kontor i Førde sentrum.

Visjonen vår er at Sunnfjord Miljøverk skal tilby løysingar verda treng, til glede og nytte for folk og lokalsamfunnet. Vi skal sørge for at avfallet som blir samla inn i kommunane, vert sortert og handtert riktig slik at mest mogleg blir gjenvunne og får ny verdi. Hos oss skjer det mykje heile tida, og vi får stadig nye krav og retningslinjer som vi må forhalde oss til. Det betyr at vi heile tida må tenke nytt og finne smarte og gode løysingar for å imøtekomme desse krava. Derfor kan vi trygt seie at vi har ein interessant og utviklande arbeidskvardag.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f0667f55-68ea-493e-91d0-69b5cd8ffad1

Sist endret

5. mai 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

461655358

Lignende annonser

Laster lignende annonser