Hopp til innhold

MIljøpersonale til bufellesskap for einslege mindreårige flyktningar

Arbeidsgiver

Vik kommune Vaksenopplæringa og EM

Sted

Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb som miljøarbeidar eller miljørettleiar
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. mars

Tenesta for einslege mindreårige flyktningar treng sommarvikarar i perioden frå 15. juni - 2. august 2026, med høve til forlenging til 9. august. Tenesta har ei god ordning med medleverturnus.

Om arbeidsstaden

Tenesta for einslege mindreårige flyktningar (EM-tiltaket) vart oppretta hausten 2025, og er eit bufellesskap for 5 gutar. Det er 8 tilsette som går i turnus 2 og 2.

Me tilbyr
  • Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling
  • Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
  • Arbeidsoppgåvene går ut på å rettleia ungdomane i praktiske gjeremål, og leggja til rette for integrering i lokalsamfunnet gjennom aktivitetar, individuelt og i grupper
  • Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga
Krav til kompetanse
  • Godkjent utdanning som barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar eller anna relevant utdanning
  • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med barn og unge og/eller flyktningsrelatert arbeid
  • Førarkort klasse B
  • God norsk munnleg og skriftleg kompetanse
  • Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing

Det vert opna for at også studentar innan relevante fag kan søkja.

Personlege eigenskapar
  • Du er engasjert og positiv
  • Ryddig, strukturert og systematisk
  • Du er sjølvstendig og tek ansvar
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide med andre
  • Du er løysingsorientert med god evne til gjennomføring

Personlege eigenskapar vil verta vektlagd.

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Rita Årevik Vikdal

Tenesteleiar/rektor

+47 91387608

rita.arevik.vikdal@vik.kommune.no

Om bedriften

Vik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk. Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f05378cf-69a6-45ce-9158-7d87b3811fb5

Sist endret

3. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3601869_248673_nn

Lignende annonser